Tradisjonelt har fenoksysyrene MCPA og mekoprop vore nytta til dette formålet. Ei anna stor ugrasmiddelgruppe, sulfonylurea-gruppa, har ikkje vore så godt utprøvd mot desse ugrasa i grasmark. I denne artikkelen samanliknar vi dei ulike midla i grasmark.

I to forsøksfelt på Sunnmøre studerte vi verknad av ulike kjemiske middel mot lyssiv og knappsiv. Dei 5 første behandlingane er samansett av middel som er godkjent i grasmark. Simplex er ikkje godkjent i her i landet. Eitt felt låg i beite, eitt i eng. Felta hadde 3 gjentak og blei sprøyta 1.-4. juni 2010. Registrering vart utført 2. desember 2011. Tabellen under viser kva middel og dosar som var med i forsøka.

Behandling Dose pr daa
Usprøyta
MCPA 750 400 ml
Mekoprop 450 ml
Harmony 50SX 3,6 g
Starane XL 156 ml
Starane XL + MCPA 156 + 100 ml
Simplex 100 ml
Simplex 200 ml

Resultata går fram av figuren. Vi ser av behandlinga som er merka ‘Usprøyta’ at sivet dekka i gjennomsnitt av dei 2 felta ca. 23 % av dei usprøyta forsøksrutene. MCPA og mekoprop har verka svært godt og lenge på begge felta. Det er ikkje sikker skilnad mellom verknaden av Starane XL+MCPA og dei reine fenoksysyrene. Ingen av dei andre behandlingane nådde opp mot dei sist nemnde midla. Sulfonylureapreparata og Starane XL, som i tillegg til florasulam inneheld fluroksypyr og Simplex ser ut til å halda mål. Derimot blir verknaden mykje betre når Starane XL blir tilsett 100 ml MCPA. Sidan Starane XL verka dårleg aleine indikerer dette at lågare dosar av fenoksysyrene enn dei som blei prøvd vil halda sivet i sjakk.

Figur Verknad av ugrasmiddel mot siv
Verknad av ugrasmiddel mot siv i eng og beite. Høg søyle viser dårleg verknad mot siv. Inga søyle viser 100% bekjemping av sivet.

I eit anna forsøk i beite som blei etablert og sprøyta i 2012, blei også verknaden året etter registrert. Duplosan Meko (450 ml/dekar) blei samanlikna med Starane XL, Matrigon (kloyralid) og Gratil 75 WG (amidosulfuron) + klebemiddel ved 2 sprøytetider ( 15 juni og 28 juni). Sivmengde på dei ulike rutene blei registrert før sprøyting. Det var endå liten verknad å sjå 3-4 veker etter sprøyting. Resultata frå registreringane 3-4 veker etter ein beiteperiode og seint på hausten viste derimot klart at Duplosan Meko gav beste verknad både etter første og andre sprøytetid. Matrigon gav også brukbar verknad. Gratil og Starane XL gav dårleg verknad.

Året etter var det heller ikkje siv på rutene som var sprøyta med Duplosan Meko. Første sprøytetid med Starane XL og Matrigon reduserte også % siv-dekning, men verknaden etter 2 år er klart dårlegare enn Duplosan Meko.

Haugaland Landbruksrådgjeving etablerte eit demonstrasjonsfelt der 200 og 400 ml/ dekar MCPA, 400 ml/dekar mekoprop, 200 ml/dekar Starane 180 (fluroksypyr) og normaldosar av sulfonyurea-midla Ally, Gratil, Harmony og Express blei sprøyta i april, 24. juni og i oktober. MCPA og Mekoprop verka godt. Det var ingen skilnad mellom 200 og 400 ml MCPA per dekar. Harmony, Gratil og Ally hadde for svak verknad. Sprøyting med MCPA eller Mekoprop i april og oktober hadde bra verknad, men ikkje så godt som sprøyting i juni.

Lyssiv forsoksfelt Foto Annlaug Fludal
Rett middel er viktig. Her er vist sivvekst to år etter sprøyting om våren med ulike middel. Heilt til høgre (nærast steingarden) er ikkje sprøytt, Vidare er rutene behandal med høvesvis Megopropp (400ml), Starane (200ml) og MCPA (200ml). Foto: Annbjørg Fludal

Det er dårleg med middel mot siv som kan nyttast i andre kulturar enn gras. Dei vanlege grasherbicida Focus Ultra, Agil og truleg også Select verkar dårleg mot siv (Clay, D.V. med fleire 2006). Glyfosat verka bra.

Konklusjon

Mekoprop og MCPA er dei to midla vi kan tilrå i dag. Dei norske forsøka vart sprøyta i juni. Resultata er tilfredsstillande. Det er grunn til å tru at sprøyting i juli gir minst like god verknad. Sprøyting i april og oktober har gitt svakare verknad. I eng må sprøytetidspunktet tilpassast behandlingsfrist og utviklingsstadium. Før første slått kan slutten av mai vera eit godt tidspunkt. På gjenveksten av siv etter første slått er eit anna alternativ. I beite må det takst omsyn til når dyra kan sleppa ut etter sprøyting av arealet. Elles står ein fritt til sprøyte når sivet er i god vekst. Vi har ikkje forsøk med låge dosar mot siv av desse midla å vise til, men truleg kan dosen av MCPA reduserast ned mot halvering.



Denne artikkelen er først publisert i heftet "Lyssiv og knappsiv - aukande problemugras i eng og beite"

Heile artikkelsamlinga kan du lesa her: