Gode erfaringar med sprøyting

Kjemisk har me to svært effektive middel. Forsøk og praktiske erfaringar viser god effekt med MCPA og mekoprop. Sprøyting tidleg vår og sein haust har vist brukbar verknad, men best effekt ser me ved sprøyting midtsommar når plantene er i god vekst. Veksten startar seint om våren og tidleg sprøyting i år med sein vår vil truleg ha redusert effekt. Problemet ved kjemisk bekjemping i beite er behandlingsfristen. Det må gå minst 2 veker frå sprøyting med mekoprop eller MCPA til ein kan sleppa dyr på beite.

Les meir: Kjemiske middel mot lyssiv og knappsiv

Lyssiv forsoksfelt Foto Annlaug Fludal
Rett middel er viktig. Her er vist sivvekst to år etter sprøyting om våren med ulike middel. Foto: Annlaug Fludal

Kutting reduserar næringsreservene

Gjentatt kutting, spesielt på ettersommaren, har vist at sivet blir redusert. Sivplantene lagrar næring i underjordiske stenglar og røter. Om våren blir desse reservane nytta til vekst, og lageret blir tappa for næring. Det er vist at lageret er lågast kring 1. juli. Verknad av kutting vil dermed vera størst på denne tida. Vår erfaring er at kutting seint på hausten har god effekt.

Hakon ryddesag
I aksjon med ryddesaga. Kutting med ryddesag påmonter krattkniv gir god effekt, men er mest aktuell på enkeltplanter. Foto: Annlaug Fludal

Størst effekt, men mest arbeid med ryddesag

Sivplanta har eit grunt rotsystem. Kutting med ryddesag påmonter krattkniv 2- 3 cm under jordoverflata svekker planta sterkt då vekstpunkta blir øydelagt. Metoden er effektiv, men arbeidskrevjande og er mest aktuell der det er få enkeltplanter og der ein av ulike grunner ikkje kan nytta kjemiske midel.