Når vi snakkar om sommarfornying av enga, meiner vi i regelen full fornying, ikkje isåing/reparasjonssåing i grasmarka. Sjølv om det kan finnast unntak, har oftast isåing i veksande grasmark om sommaren vore mislukka. Ein viktig grunn til dette er rett og slett konkurransen frå plantene som allereie veks på plassen. Dei har store fordelar, med etablert rotsystem og naturleg rask gjenvekst etter slåtten. Eit anna problem er ”strøsjiktet” vi ofte har i gamal eng, som gjer at frøet kan verta liggjande utan jordkontakt og spireråme. Størst sjanse for å få tilslag med isåing har vi truleg i beiteareal, der dyra hjelper oss å gje frøet jordkontakt samstundes som dei held eldre planter nede. Beitepussar har vore prøvd på slåttemark, men ikkje gjeve vesentleg betre tilslag.

Sommergjenlegg direktesadd OK
1. Direktesådd sommarattlegg på brakka eng i Gudbrandsdalen. 2. Strøsjikt i gamal eng gir dårlege spiretilhøve. Fotos: Oddbjørn Kval-Engstad
DSC 0177
1. Direktesådd sommarattlegg på brakka eng i Gudbrandsdalen. 2. Strøsjikt i gamal eng gir dårlege spiretilhøve. Fotos: Oddbjørn Kval-Engstad

Start med blanke ark

Vi må altså starte med ”blanke ark”, anten med pløying eller med god brakking av enga. Deretter ei vanleg god jordarbeiding for å få jamn overflate og høveleg sådjupne. Harve ikkje meir enn akkurat nødvendig – det er lett å tørke ut toppsjiktet der frøet skal ligge. Det er sett gode resultat med direktesåing på brakka areal, særleg der graset vart pussa av før såing. Då har ikkje såutstyret vore avgjerande, så lenge frøet har fått spireråme og jordkontakt. Forsøk med nedsprøyting av den gamle enga og såing same/etterfølgjande dag har gjeve dårleg resultat, truleg mykje fordi graset ikkje vart avpussa etterpå. Ved fornying i løpet av juli har vi tid til å vente 1-2 veker på god verknad av brakkinga for å få godt tilslag på såinga.

Mindre ugrasproblem, men pass på høymola

Ein av fordelane med sommarfornying er at mange ugras spirer dårlegare om sommaren. Dei små engfrøspirene får altså mindre konkurranse om plassen, og den nye enga kan få ein god start. Er du tidleg ute med brakking/pløying, kan du kanskje óg koste på deg ei ekstra harving for å ta noko ugrasfrø. Følg likevel med og vær klar for ugraskamp på ettersommaren – nokre ugras kan rekke å ta kvelartak på engplantene før vinteren.

Eit viktig unnatak må nemnast: Høymola ! (Foto: Randi Jarstad). Den er spiredyktig heile vekstsesongen, og kan verte eit ekstra stort problem om du ikkje passer godt på. Årsaken til at vi har sett lite til den er kanskje at det er mest sauebønder som fornyer om sommaren, og dei er ikkje så plaga med høymole som storfebønder.

Hoymole i attlegget RJ

Val av såtid - sommar eller tidleg haust ?

Di tidlegare du sår, di betre vil den nye enga vera etablert og greie seg gjennom vinteren. Plantene bør vera 10-15 cm før vinteren. Får du sådd tidleg i juli og vi får godt veksevær med varme i september, kan det verta snakk om ei avpussing før vinteren, men det er meir unntaket enn regelen. Særleg om du satsar på kløveren i frøblandinga, er det viktig at du får sådd (og frøet spirer) tidleg. Då må du så i juli, helst fyrste halvdel. Forsøka har elles vist at strågrasa (timotei, bladfaks) tåler etter måten sein såing betre enn bladgras (engsvingel, hundegras). Timotei kan du såleis så innimot midten av august, medan engsvingelen bør vera sådd på juli. Strandsvingel er treg i etableringa, og skal nok ikkje såast seinare enn engsvingel. Når det gjeld fleirårig raigras har vi lite erfaring, men må rekne med store skilnadar mellom sortane. Truleg kan vi så tidlege slåttesortar seinare enn seine beitesortar, men ingen av dei så seint som timotei. Så langt har Hykor og Felina vore viktigaste marknadssortar av raisvingel, med mykje strandsvingel i seg, og desse har vi sett har vore seine i etableringa frå våren. Dei må truleg såast etter måten tidleg i juli.

Seinsommersadd web
I fjellet kan overvintringssopp i attlegg gjere stor skade. Mange lukkast best når grasplantene er 5-10 cm lange. Foto: Oddbjørn Kval-Engstad.

Døme frå forsøksfelt i Sør-Gudbrandsdal

I to såtidsforsøk frå Sør-Gudbrandsdal var timotei den arten som vart minst påverka av utsett såtid av attlegget fram til 25/7, men ved såtid 1/9 vart avlinga sterkt redusert óg for timotei. Såinga i juli var her prega av forsommartørke og dårleg spiring. Ved betre spireråme ville vi ha forventa mindre avlingsnedgang i engåra. Såing i oktober der frøet spirer fyrst neste vår ga betre resultat enn tidleg i september.

Dei andre artane; engsvingel, engrapp og engkvein, ga klart best eng ved såing 20/6. Nedgangen var størst for engrapp. Bladfaks og strandrør var ikkje med i dette forsøket, men har óg relativt sein etablering. Artane med sein etablering vart her mest negativt påverka ved bruk av dekkvekst.

Grasfrø som vert sådd i siste halvdel av august vil i fjellbygdene ikkje komme langt nok i utvikling til å gje like stor avling som om det blir sådd på våren. Tidligare erfaring viser óg dårlege resultat for haustsåing av kløver.

Tabell. Avling i kg tørrstoff pr. dekar, middel to engår. Fire såtider av attlegget og fire grasarter.

20.juni
m/dekkv.
20.jun 25.jul 01.sep 05.okt
Timotei 1097 1050 906 529 813
Engsvingel 771 939 601 602 693
Engrapp 662 840 551 442 490
Engkvein 987 1051 806 684 690
Middel 880 970 716 565 672