Av sopper som gjev skade er:

Snømugg: gir rosa farge på dødt gras (< 90 døgn med snø)

Kvit grastråkølle der det er langvarig snødekke (> 150 døgn med snø). Denne har 1-2 mm runde kvileorgan i rødt, svart/brunt. Gir tråsmale døde blad. Tynner ut enga

Stor grasknollsopp der det er ein lang, fuktig og mild haust og over 6 månader med snødekke. (pH mellom 5 og 6). Denne har 8 mm svarte kvileorgan, gir gråkvite opptrevla blad. Denne kan øydelegg enga heilt.

Overvintringssopp 2

Tiltak om høsten- gi plantene ei stor nok niste

Gjødsling

Sterk N-gjødsling seint på sommaren vil kunne drive graset til å vekse, men planta kan få ei dårleg herding og dermed dårleg overvintring. Lite innhald av spesielt kalium og kopper kan svekke overvintringsevna. Derfor kan det lønne seg å bruke fullgjødsel i staden for reine N-gjødsel til sisteslåtten. God kalktilstand er viktig for at næringstoffane skal vere lett tilgjengelege. Dette gir graset ei stor NISTE som er svert viktig.


Stubbhøgde

Mange grasartar reagerer negativt på låg stubbhøgde. Strågrasa timotei og bladfaks pluss luserne har det meste av opplagsnæringa i nedre del av strået. Desse er derfor meir sårbare enn bladgras som hundegras. Ikkje stubb graset lågare enn 6-7 cm ( helst lengre) ved siste stubbing.


Tid for beite og slått

Graset bør fredast i perioden for herding og samling av opplagsnæring. I utgangspunktet er det viktig å velje artar og sortar som er tilpassa området.

Slått eller beite 2-3 veker før vekstavlutning kan gje svært tynn grasmark neste vår.

Blir graset høsta/beita 4-5 veker før vekstavlutning eller etter at graset har stoppet å vekse, så kan overvintringa gå greit.


Korte vinteren med mylding

Mylding (mold) med kalk. Våre forsøk og erfaring er at di svartare kalken er, di betre effekt får vi. Det er skilnaden på farge som skil dei ulike kalkslaga, men dei som er på marknaden i dag er ganske lyse, så vi vil anbefale å bruke 50-100 kg /daa. Noko er betre enn ingenting, sjølv dei minste mengdene vi prøvde sette vesentleg fart i snøsmeltinga i høve til det umylda leddet.

Hovedsaken er at myldinga vert utført, og til rett tid. Mylding først i april i fjellbygdene vil ein auke snøsmeltinga med 30 cm, og perforere isen i tide.