Varmesum eller døgngrader er eit mål på vekst og utvikling i graset og dermed kor tid vi kan vente det er slåtteklart. Det var ein del som nytta finvèret i veka etter pinse til slått; her er enga no slåtteklar og vi venter berre på at yr.no gir oss startskotet.

Varmesummen eller døgngradene frå ein dato til ein anna vert rekna ut ved å plusse saman gjennomsnittstemperaturen kvart døgn. Det mest usikre med varmesum er å finne ut kor tid det er vekststart om våren. No er det 2. slåtten som står for tur og då kan ein legge inn slåttedato for 1. slåtten og finne ut antal døgngradar det har vore sidan ein slo – ved nærmaste målestasjon. På nettsida til LandbruksMeterologisk Tjeneste kan ein søkje opp nærmaste målestasjon.

Dersom ein tek utgangspunkt i målestasjonen i Kvam herad så viser denne følgjande tal døgngrader sidan desse datoane:


Per 20. juli har vi i Kvam:

  • 719 døgngrader sidan 1. juni
  • 668 døgngrader sidan 5. juni
  • 586 døgngrader sidan 10.juni
  • 521 døgngrader sidan 15.juni
  • 455 døgngrader sidan 20.juni

For å få ein 2. slått med høg energiverdi bør ein ta andreslåtten ved 500-550 døgngrader og ynskjer ein middels kvalitet er det høveleg å ta andreslåtten etter 650-700 døgngrader. Vèret har ikkje vore lagleg siste tida, så på mange av dei tidlege plassane i fylket vert det full fart denne veka – mellom regnbygene.

Varmesum eller døgngrader er ei rettesnor, men det er likevel ein del andre høve som vi òg må ta med oss i vurderinga:

  1. Var du tidleg eller sein med førsteslåtten? Ein tidleg fyrsteslått gjer at ein må vere meir på hogget også på andreslåtten då ein større del av graset skyt (og kvaliteten går ned). I motsett fall: Vart fyrsteslåtten (for) sein vil gjenveksten bestå av meir blad og kvaliteten vil halde seg oppe lenger og ein kan då få god kvalitet sjølv ved ein litt høgare varmesum.
  2. Ved veldig høge temperaturar kan utviklinga gå så fort at det uansett vert høgt innhald av ufordøyeleg fiber. Dette er situasjonar vi for eksempel har hatt i dei to siste sesongane; ofte kombinert med tørke. Tilråinga er å slå slikt gras tidleg; ufordøyeleg fiber kan ikkje dyra produsere noko av.
  3. Véret på Vestlandet gjer at vi ikkje alltid kan styre etter det som er optimalt. Bratte bakkar må haustast når traktoren kan føta seg. Døgngradene vil likevel vere ei rettesnor for å sikre at vi er klare til slått når godvéret kjem.

Ingenting kan erstatte den vurderinga bonden gjer ute i enga. Ta kontakt med grovfôrrådgjevaren din for å diskutere rett slåttetidspunkt eller avtale eit gardsbesøk.

Tre slåttar?

Etter andreslåtten er det enda mindre strå i gjenveksten og kvaliteten held seg enda lenger. Erfaringar viser at tredjeslåtten kan få med seg ca 100 døgngrader meir enn andreslått og likevel ha same energiverdi. Utfordringa med tredjeslått er heller at den kan få for lite struktur. Fortørking sett ned passasjehastigheita gjennom kua, men vèr til fortørk kjem ikkje alltid på bestilling når nettene vert lengre og det vert meir nattedogg. Ved stor skilnad i kvalitet mellom slåttane er fôrmiksaren god å ha for å sikre jamn kvalitet på fôret.

NB! For å kunne søkje RMP-midlar er siste frist for å ha ut møk 10. august, og det aktuelle arealet må slåast eller beitast etterpå.

Andreslatt pa Tveito i Rosendal snart klar for hausting nar det vert ver og foreforhold til det
Ung timoteirik eng hjå Joar Tveito i Rosendal som nærmar seg 2. slått. 1. slåtten var hausta veka etter pinsehelga (blir 6 veker sidan slått i løpet av denne veka).