Nasjonal transportplan er vedtatt i Stortinget. I følge den kan det sjå ut som om det kan bli omfattande anleggsarbeid i åra som kjem. Anleggsarbeid som truleg vil medføra store mengder overskotsmassar. Det kan væra alt frå jord frå fulldyrka jord som skal byggast ned, til sprengstein.

Dersom vi førebur oss skikkeleg, kan desse overskotsmassane bli ein gode for oss i landbruket. Men før vi tar i mot nok som helst, må vi ha gode, skriftlege avtalar. Maskinfirma som gjer arbeidet må kunna faget sitt. NLR og NIBIO har laga til eit hefte. Heftet gir ei grundig innføring i dette temaet og bør være pensum for alle som skal arbeide med flytting av jordmassar.

Her er nokre hovudpunkt frå heftet:

Berre reine jordmassar!

Kvar jordmassane kjem frå er viktig! Vi i landbruket kan, og skal, kun ta i mot reine overskotsmassar. Dvs. vi skal ikkje ta i mot t.d. materialar frå bygningar, jordmassar frå industriområde eller andre område der jorda kan væra ureina av tungmetall, olje m.m.

Forarbeid der massane skal brukast.

Der overskotsmassane skal plasserast, må området forberedast. Eventuell skog må fjernast. Matjorda, ofte dei øvste 20-30 cm, må gravast av og lagrast i eigne rankar. Mellomlaget, som ofte ligg frå 30 -70 cm må leggast i eigen ranke. Skal arealet etter oppfylling brukast som fulldyrka jord, må matjordlaget væra minst 30 cm. I tillegg må det væra eit mellomlag mellom matjordlaget og fyllmassane på minst 20, helst 50 cm. Er dette laget for tynt, blir det for liten bufferkapasitet i forhold til vatn. I våte periodar for vått, og i tørre periodar vil det tørka ut alt for fort.

Jordprofil
Illustrasjon henta frå heftet: "Jordmassar. Frå problem til ressurs - ta vare på matjorda"

Hugsereglar for ei vellukka flytting av jord.

  1. Gi opplæring og informasjon til alle involverte i arbeidet.
  2. Gjer arbeidet ved tørraste moglege forhold.
  3. Minst mogeleg køyring med tungt utstyr.
  4. Arbeid minst mogeleg med jorda.
    • Ta ut både A- og B-sjikt etappevis. (Køyr berre på C-sjiktet).
    • Mellomlagra i låge rankar.
    • Bruk faste køyrevegar når jorda skal leggast ut, eller legg ut eit C-sjikt som toler komprimering.
    • Legg ut A- og B-sjikt med gravemaskin med stor rekkevidde. Ikkje bruk bulldoser!
    • Unngå klapping, glatting, pussing og komprimering ved utlegging. Overgang mellom sjikta skal væra ujamne.
    • Legg ut både A- og B-sjiktet etappevis. Gjer ferdig ein del om gangen.

Drenering

Drenering er eit kjernepunkt der det ofte vert konflikt etter anleggsarbeid. All eksisterande drenering må det takast omsyn til og eventuelt koplast på ny drenering. Klimaendringane vi ser fører til meir intens nedbør. Vi må difor leggje til rette for avrenning på overflata, utan at vatn samlar seg i dammar, eller fører til erosjon. Ein må difor byrje med overflata på fyllmassane (C-sjiktet) som må formast slik at alt vatn renn uhindra til kum eller kanal, - før ein legg på B- og A-sjiktet over. I topplaget på fyllmassane må ein bruka finare materiale som hindrar B- og A-laget å forsvinne nedi fyllinga.

20210610 133107 Edit

Inngjerding

Langs veg må det inngjerding til. Der utbyggar skal setje opp dette gjerdet. Få med i avtalen korleis dette gjerdet skal utformast i detalj. Vi tilrår å bruka HT-gjerde (High Tensile Fence) eller tilsvarande som standard.