Korleis gjer vi det i Landbruk Nordvest?

Dei fleste medlemmene i Landbruk Nordvest dyrkar grovfôr. Da er utgangspunktet vårt at vi tek jordprøver kvart 8. år. Vi utarbeider ny gjødslingsplan saman med dei nye jordprøvene, deretter oppdaterer vi planen etter fire år før det blir nye jordprøver igjen etter åtte år.

Når vi lagar fleirårige planer forutset dette drift med små variasjonar frå år til år. Ved planlagte endringar i forhold til planen skal den oppdaterast før ny sesong. Dette kan enten gjerast ved å lage ny plan eller notere planlagte endringar på eit eige ark.

For den som dyrkar eittårige vekstar som korn, potet og grønsaker er kravet at gjødslingsplanen skal oppdaterast kvart år. Ønskjer du ikkje at vi i Landbruk Nordvest skal lage ny plan kvart år er du sjølv ansvarleg for å oppdatere planen med korrekt årstal og planlagte endringar for den kommande sesongen.

Husk at det i tillegg til å ha ein godkjent gjødslingsplan er det krav om å notere det som er utført gjennom sesongen.

Jordprøver – kor ofte og kor mange

Som nemnt tidlegare er minstekrav til jordprøver at dei skal ikkje skal vera over 8 år. Det kan i mange tilfelle vera lurt å ta prøver oftare. Er ein usikker på pH, eller har kalka med grovdolomitt for å få opp pH og magnesiuminnhald kan det vera god nytte i ein jordprøve før ein skal snu enga. I potetdyrkinga er det vanleg å ta jordprøve før ein kjem att med potet på eit skifte, først og fremst med tanke på pH, men her er status for kalsium, magnesium og andre næringsstoff også viktig.

Laboratoriet som analyserer jordprøvene anbefaler 5-15 daa per prøve. I mange tilfelle er det nok med 20-30 daa per prøve. Variasjon på skifta og kor nøyaktig kartlegging ein treng er avgjerande. Dersom ein har god dekning av jordprøver frå tidlegare kan ein jordprøve representere større areal. Den vanlege måten er å ta ut prøven i ein diagonal over skifte, men dersom formålet er å avdekke grunnar for misvekst eller å kartlegge variasjonen på eit skifte er det aktuelt å ta ut punktprøver, gjerne med GPS-koordinatar.

Korleis få ein best muleg gjødslingsplan

For å få ein god plan er det særleg viktig å justere planlagt gjødsling i forhold til avlingsnivå. For å få maksimalt ut av ei ny eng med høgt avlingspotensiale er det viktig å gjødsle sterkt nok. I motsatt fall vil for sterk gjødsling av ei dårleg eng gi både bortkasta pengar og dårleg fôrkvalitet. Middels gjødsling blir ofte feil! Dette treng ein ikkje gjere så avansert, det går for eksempel an å dele inn skifta i god, middels og dårleg eng og bestemme seg for tre ulike gjødslingsnivå. Sjølv om vi utarbeider mest fleirårige planer i grasdyrkinga er det ingen ting i vegen for å oppdatere planen oftare for den som ønskjer det.

Ved gjødslingsplanlegging blir val av mineralgjødsel gjort på bakgrunn av innhald av fosfor og kalium i jorda og anslått mengde og tørrstoffnivå for husdyrgjødsla. Gjødslingsstyrken blir bestemt ut frå anslått avlingsnivå, forgrøde og jordart/moldinnhald. Den beste måten å kvalitetssikre desse vurderingane på er å ta ut fôrprøver med mineralinnhald. Ta gjerne prøver frå skifte både med ny, middels og gammal eng.

Eit anna usikkerheitsmoment er innhaldet i husdyrgjødsla. Særleg i fjøs som har robot og utekum kan innhaldet i husdyrgjødsla avvike mykje frå standardverdiane. Ein kjem langt ved å skaffe seg ein enkel tørrstoffmålar, sidan tørrstoff og næringsinnhald heng saman. Det er og muleg å sende inn prøver av husdyrgjødsla. Prøveflasker får du hos Landbruk Nordvest.

Det er og muleg å sende inn bladprøver til mineralanalyse i vekstsesongen.

Kortversjon av "Forskrift om gjødslingsplanlegging":

Manglande gjødslingsplan fører til avkorting i tilskotet for det aktuelle arealet.