Bildetekst til hovudbilde

Innleiing

Auka krav til effektiv drift har gradvis ført til større einingar i landbruket. Utviklinga har gått raskt. Bruk som utvidar drifta treng større jordbruks-areal. Høve til nydyrking er ofte avgrensa. Mange må finne ny leigejord i lang avstand frå driftssenteret. Transportavstandar for grovfôr og husdyrgjødsel aukar. I forskings-prosjektet Landfrag har ein kartlagt forholda i 8 utvalde område i Noreg.

Metodar

Åtte område var med i undersøkingane i 2017-2020. Dette gjeld Vestvågøy i Lofoten, Midtre Namdal, Rennebu, Våler og Åsnes i Innlandet, Klepp i Rogaland, Voss, Gloppen og Giske, Haram og Sandøy i Møre og Romsdal. Eigar av prosjektet var Ruralis. Støttespelarar var Statsforvaltarar, Nordlandsforsking, Tine Rådgiving, Norsk Landbruksrådgiving, Noregs Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag, NIBIO, NMBU, LUKE Finland og Agroscope Sveits.

Kartlegging.- Det er laga kart over jordbruksareala i dei åtte områda (Stokstad m.fl. 2020). Areala har fått ulik farge. For kvart driftssenter vil ein sjå kva som er eigd areal og kva som er leigd areal. Ein kan måle avstandar frå driftssenter til kvart skifte. Slike kart vil vere gode hjelpemiddel, om målet er å minske transportavstandar ved omfordeling av areal mellom aktive bruk.

Fleire forhold vil påverke transportkostnadene. Tidlegare undersøkingar (Henriksen, J.K. 2015) har synt at ved store skifte, tidleg haustetid, god fortørking og heimtransport med stor tilhengar eller lastebil – kan transport-kostnadene kome ned mot 2,5 øre per km per FEm. Med mange små skifte, vått grovfôr, og lite effektiv heimtransport, kan kostnaden vere 10-13 øre per km per FEm. Heimtransport av grovfôr utgjer ofte 30-40 % av transportkostnadene på mange bruk. Transport av husdyrgjødsel utgjer ein større del, 50-60 % av samla transportkostnader. Eit godt hjelpemiddel for utrekningar finn ein også på www.nibio.no, «Transportkalkyle for grovfôr og gjødselspreiing».

Resultat

Dei ulike områda.- Kartlegginga syner store skilnader mellom dei områda som var med i Landfrag. Ser ein på Vestlandet, har Voss og Gloppen mange bruk i drift og stort samla jordbruksareal. Giske, Haram og Sandøy har færre aktive bruk, men nesten dobbelt så store areal per bruk. I Voss og Gloppen er ca. 55% av jordbruksarealet eigd av aktive brukarar. I Giske og Haram er berre 23% av arealet eigd av aktiv brukar. Samanliknar ein Voss med Haram og Giske finn ein interessante skilnader. I Voss ligg 67% av arealet mindre enn 1 km frå driftssenteret. I Haram og Giske er avstandane større. Berre 48% av arealet ligg nærare enn 1 km frå driftssenteret.

Storleiken på teigar (skifte) er også viktig. I Voss, Haram og Giske, og Vestvågøy er gjennomsnitt storleik 15 dekar. I Våler og Åsnes, med stort kornareal, er gjennomsnittet 40 dekar.

Utrekningar.- Forfattarane understrekar at rekne-modellen i si noverande form inneheld forenklingar. Han er neppe nøyaktig nok til å rekne på alle effektar av arealbyte mellom einingar. Om ein derimot reknar på «kommunenivå», vil utrekningane gi ei betre vurdering av kva ein kan oppnå ved optimalt arealbyte.

Om kartlegginga av jordbruksarealet i Voss, Åsnes og Våler samsvarer med resten av landet, vil ein i Noreg kunne spare transportkostnader på 650 millionar kroner årleg. Dette blir avrunda kr 70 per dekar jordbruksareal i snitt. Det utgjer 1,5% av samla kostnader i landbruket.

Samla reduksjon av klimagass-utslepp blir rekna til 25000 tonn CO2-ekvivalentar. Dette er 0,5% av den utsleppsreduksjonen som jordbruket og Staten har blitt samde om.

Konklusjon

Redusert transport åleine kan ikkje styrke økonomien i jordbruket mykje. For einskildbruk, med uvanleg lange avstandar, kan likevel fordelane blir større. Om utviklinga held fram, mot færre og større einingar, og lengre transport-avstandar, vil også vinsten ved arealbyte kunne bli større. Målet om å spare tid, dekk, diesel og klima kan bli viktigare.

Ruralis oppmodar til gode lokale prosessar, for å minske ulempene med sterk oppdeling av jordbruksareala. Å utvikle enkle og rimelege verkty kan stimulere til auka jordskifte og arealbyte. Det er laga eit ressurshefte, som vil vere nyttig i slike prosessar (Forbord & Vinge 2020). Heftet er gratis og kan lastast ned her: https://ruralis.no/publikasjoner/r-5-20-endret-jordbruk-spredte-arealer/

Litteratur