Etter årets seine førsteslått er det mange stader mykje restegras som slåtteustyret ikkje fekk tak på. Unngå spreiing av husdyrgjødsel på slike område, særleg om du er mjølkeprodusent! Husdyrgjødsel i langt gras representerer stor risiko for sporeproblem, sjølv med bruk av stripespreiar.

Meg høge gjødselprisar er det dessutan viktig å spreie husdyrjgødsla under mest muleg gunstige forhold for å unngå unødvendige tap av N til luft. Typisk nok lovar vêrmeldinga endeleg sol og varme framover. Det er ikkje synonymt med gunstige forhold. Må du likevel kjøre ut husdyrgjødsel i denne perioden; tynn gjødsla godt med vatn og kjør om kvelden, ikkje midt på dagen!

Vil du lese meir om gjødsling etter førsteslått, anbefaler vi følgande artikkel frå 2021 av Oddbjørn Kvaa-Engstad, NLR Innlandet

Gjødsling etter førsteslått | NLR Innlandet