Bakgrunn

Mange av produkta er forholdsvis dyre per kg næringsstoff, f.eks. nitrogen, og næringsfrigjeringa går sakte i mange tilfelle. Forsøket går ut på å måle effektane av minigranulat organisk gjødsel opp mot tilsvarande pellets som er mykje brukt i dag. PHC (NORGRO) forhandler Organic Plant Feed (OPF) som er i prillet/granulat og lett å spreie. DCM (LOG) forhandlar Eco-mix 3 i minigranulat og kan være noko meir utfordrande å få fordelt i felt. Produkta tilsvara Grønngjødsel, men det blir hevda at frigjeringa av nitrogenet er raskare i begge tilfella.

Forsøksobservasjonar

Feltstell har vore som normalt for feltet med tanke på ugras, sopp og skadedyr. Det er gjort registreringar for tilvekst og avling. Jord- og bladprøvar er tatt ut systematisk gjennom heile vekstsesongen.

IMG 20210302 101939
Oko gjodsel

Avlingsnivået variere internt i trea, samt ein del epleskurv reduserer den salgbare avlinga. Trea er hausta utan sortering for storleik eller andre kriterier for førsteklasses eple. Det er registeret litt lysare bladfarge på enkeltgreiner uavhengig av gjødselregime.

Oko gjodsel 2

Bladprøvar

Det er plukka 25 blad av de sist fult utvikla blada i ein samleprøve kvar fjortande dag. Blada er plukka ferske og tørka ned i tørkeskåp ved 65 grader i eit døgn. Prøvane er analysert som bladprøve hos Eurofins.

Oko gjodsel 3
Oko gjodsel 4

Forsøkstrea

Målingar viser at forsøkstrea var uniforme i forhold til tilvekst og avling uavhengig av gjødsling. Leddet med grøn gjødsel var det registeret fleire kart på sommaren enn dei andre, men ved hausting var dette ganske likt. Fruktstorleiken var også mindre i dette leddet og det kan tyde på at større del av avlinga kan ha gått tapt siste del av veksttida.

Kva sier jordprøvane?

Jordanalysane viser stor variasjon mellom kvart prøveuttak. Det er forventa at nivåa skulle være låge tidleg på våren for så å gå opp midt på sommaren. Her er det store verdiar alt i april og det er ingen trend i at frigjeringa følgjer sesongen. Ugrasfresing kan også føre til mineralisering av nitrogen og det kan ha påverka resultatet. Ugrasfresing blir rutinemessig gjort kvar tredje veke. Gjødselvatning blir også tilført kvar veke frå blomstring til juli. Næringa som blir tilført er liten kvar gong og skulle ikkje gjort store utslag i jordprøvane. Resultata for jordprøver er vanskeleg å tolke og gir ingen god oversikt over tilgangen på nitrogen tilgjengeleg for epletrea.

Bladprøvane

Bladprøvane viser at nitrogennivåa er litt lågare enn normtalla (Bergmann) i juni. Resten av sesongen er det bra nivå for nitrogen i blada. Høge nivå på hausten kan være gunstig for å gi sterke blomsterknoppar, men samtidig blir avmodninga forsinka. Gjødsling med DCM er jamt over høgare enn dei andre behandlingane i alle bladprøvane. Symptom på nitrogenmangel kan ein sjå ved at det blir danna små blad med bleik grønfarge. Ved hausting kunne ein sjå enkeltgreiner uavhengig av gjødseltilføring. Samtidig var avlingsbelastinga stor og feltet er i god hevd.