Innleiing

Jordbær er ei lite haldbar frukt og fastheita er avgjerande for lagringsevna. Faste bær toler meir handtering og lagring. Ulempa er at forbrukaren ofte vil oppleve faste sortar som mindre smakfulle. Det er svært stor variasjon i fastheita mellom jordbærsortar. Det kan også vere stor variasjon innan same sort, truleg fordi utvikling og modning skjer svært fort. Fastheita taper seg under lagring, men enkelte har funne at fastheita aukar dei to til tre første dagane for så å avta. I forsøk er det brukt mange metodar og instrument for å måle fastheita, resultata kan derfor ikkje samanliknast direkte, og ulike metodar kan gi ulik rangering av sortar.

Genetiske skilnader

For jordbær er det funne at grovt rekna halvparten av variasjonen i fastheit skuldast genetiske skilnader. Det vert vurdert som enkelt å auke fastheita gjennom foredling, men det kan gå ut over andre eigenskapar, som for eksempel smaken. Ved samanlikning av mange ulike sortar, er ofte dei fastaste sortane om lag dobbelt så faste som dei blautaste, i enkelte tilfelle 4-5 gongar så faste. Korona som har vore hovudsort i Norgeog, er forholdsvis lite fast. Den har særleg lett for å få trykkflekkar på overflata, men har likevel vore mykje brukt i engrosomsetning. Også den norske sorten Frida er svak for trykk og handtering. Den seine sorten Florence er fast og haldbar. Dei andre sortane som er dyrka her til lands ligg ein plass i mellom.

Jordbaer ii reagensror
Måling av fastheit i jordbær kan gjerast på mange måtar. Ein enkel og god måte er å fylle bær i ein laboratoriesylinder og 1 kg legge press på. Deretter kan ein måle samanpressing etter 1 eller 2 timar. (Foto: Aksel Døving)

Jord og næringstilstanden

Auka saltinnhald i jorda kan til ein viss grad auke fastheita i jordbær. Det er funne at ein auke i fastheit ved å auke ledetalet frå 0,8 til 1,4 mS/cm, derimot var det ingen endring frå 2,5 til 8,5. Kalsium vert ofte nemnd som viktig for fastheita. Bladgjødsling med kalsium har nesten aldri gitt betre fastheit på bæra ved hausting, men i enkelte tilfelle har det gitt ein svak tendens til at fastheita har halde seg betre under lagring. Ved dyrking i avgrensa dyrkingsmedium er det vert i mot vist at meir kalium i høve til kalsium gir fastare bær. Ofte har ulik gjødsling gitt berre uvesentlege forskjellar i fastheit, i andre tilfelle er det funne ein tendens til blautare bær etter sterk nitrogengjødsling om våren. Det er ein tendens til at nedbør eller vatning gir større og litt blautare bær.

Lagring

Lågare temperatur i bæret på måletidspunktet gir utslag i auka fastheit, det er funne 0,3-1,4% auke i fastheit per ºC. Nedkjølte bær er fastare og tåler også meir under handtering og transport. Reduksjon i O2 eller auke i CO2 i lagerlufta har som regel ført til at bæra held seg fastare under lagring, men har ofte gitt bismak. Etylen spelar ei lita rolle når det gjeld modning og mjukning av jordbær, men i enkelte tilfelle har fjerning av etylen frå lagerlufta gitt betre fastheit og lagringsevne. Ved rask nedkjøling og ubrudt kjølekjede vil fastheita halde seg betre under lagring og transport.

Andre faktorar

Modningsgrad er avgjerande for fastheita, halvmodne bær er bortimot dobbelt så faste som fullmodne. Dei tåler då også tilsvarande mykje lagring og handtering, men tidleg hausting går utover smaken. Fastheit kan for enkelte sortar vere avhengig av bærstorleik. Enkelte antydar også at bæra er mindre faste på eldre planter og på slutten av sesongen. Alt i alt ser det som om metodar som gir fastare bær kan redusere smakskvaliteten. Dei sortane vi dyrkar her til lands er ikkje særleg faste, men er kjend for god smak.