Både skade av epleviklar og fersk larveskade i epleskalet er lågare i feltet med feromonforvirring. I norsk økologisk epleproduksjon er det i dag ikkje tilgjengeleg effektive tiltak mot sommarfugllarver. Bruk av feromonforvirring kan vere eit alternativt tiltak mot epleviklar og mot larver som gjer skade i fruktskalet. Vidare forsøk bør utførast i felt med like eplesortar.

Feromonforvirring

Tabell 1. Namn og livssyklus til Tortricidae-artane som er med i forsøket. Epleviklar og liten fruktviklar lagar gangar i eplet, dei andre gjer skade ved å gnage på epleskalet.

Art (latinsk og norsk)

Over-vintring

Sverme-periode

Merknader

Cydia pomonella

Epleviklar

Prepuppe

Juni-juli

Larvegang inn i kjernehus

Adoxophyes orana

Fruktskalviklar

Ung larve

Juli-august

Ikkje skadedyr i Noreg?

Archips podana

Stor fruktviklar

Ung larve

Juni-oktober

Også sein skade

Hedya nubiferana

Grå knoppviklar

Ung larve

Juni-juli

Også sein skade

Pammene rhediella

Liten fruktviklar

Prepuppe

Mai-juni

Larvegang inn til kjernehus.

Ikkje rekna som målart, Isomat CLS

Pandemis heparana

Mørkebrun bladviklar

Ung larve

Juni-september

Også sein skade

Spilonota ocellana

Raud/vanleg kartviklar

Ung larve

Juli-september

Også sein skade

Ptycholoma lecheana

Blybladviklar

Ung larve

Juni-juli

Ikkje rekna som målart, Isomat CLS


Resultat

For å undersøkje effekten av feromonforvirring og vite den naturlege populasjonsstorleiken til dei aktuelle viklarartane, vart det hengt ut feromonfeller for sju ulike viklarartar i både forvirrings- og kontrollfelt. Fellene vart kontrollerte frå 28. mai til 20. august.

Tabell 4. Total fangst av vaksne møll i tre feller frå kontrollfelt og felt med feromonforvirring (Isomat CLS).

Art

Kontroll

Isomat CLS

Epleviklar

234

7

Raud knoppviklar

404

0

Grå knoppviklar

56

1

Stor fruktviklar

31

0

Mørkebrun bladviklar

0

0

Fruktskalviklar

0

1

Blyviklar*

37

0

Liten fruktviklar*

14

0

*Isomate CLS har ingen effekt på desse artane

Skaderegistrering

Det vart hausta 100 tilfeldige eple frå hovudsorten i kvar av 3 ruter i kvar av 3 blokker per felt (totalt 900 eple per felt). I tillegg vart det hausta 20 eple frå sort nummer to i kvar av 5 ruter i dei same felta. Kvart eple kan ha fleire skadar, og alle skadar per eple vart registrert. Effekten av feromonforvirring kan vurderast både ut frå skade ved hausting og ut frå fangst i feromonfellene.

Tabell 5. Gjennomsnittleg (%) ± std skadde eple av epleviklar, ferske gnag av larver i epleskalet, eldre skade av larver i epleskalet og feilfrie eple i felt med feromonforvirring og i kontrollfelt på Austlandet. Tala er basert på % skade av 100 eple i kvar av 9 ruter og 20 eple frå kvar av 5 ruter per handsaming.

Skade

Kontroll

Isomat CLS

Epleviklar

25,43 ± 6,42 a

3,79 ± 6,13 b

Eldre larveskade i epleskalet

15,86 ± 4,88 a

13,07 ± 6,46 a

Fersk larveskade i epleskalet

11,93 ± 5,36 a

3,50 ± 3,06 b

Feilfrie eple

50,43 ± 7,10 a

71,50 ± 11,00 b

Eplevikler og larver som klekkjer på sommaren er skaden betydeleg redusert. Eldre larveskade kan være av insekt som overvintrar som voksne eller kokong. Desse artane vil feromonforvirring ikkje påverke, sidan dei alt er klar til å angripe eplene. Antall feilfrie eple vart større når ein brukte feromonforvirring.

Vegen vidare

Feromonforvirring er eit alternativt tiltak mot epleviklar og andre viklarar. Både skade av epleviklar og fersk larveskade i epleskalet er lågare i feltet med feromonforvirring. Fellefangsten av vaksne hannar støtter opp om dette, det vart funne langt fleire viklarar av alle artar i kontrollfeltet. Det støttar opp om at handsaming og ikkje sort er årsak til forskjellar i skade. I norsk økologisk epleproduksjon er det i dag ikkje tilgjengeleg effektive tiltak mot sommarfugllarver. Bruk av feromonforvirring kan vere eit alternativt tiltak mot epleviklar og mot larver som gjer skade i fruktskalet. Vidare forsøk bør utførast i felt med like eplesortar.

Feromonforvirring eple
Feromonfelle i eple. Denne fella blir brukt som overvaking av skade. Foto: Gaute Myren.