Gunnlaug Røthe

Eg tok over heimgarden tidleg på 2000-talet, etter kvart tok eg også over drifta av garden som hadde vore pakta bort.

Kvann er ein plante som står sterkt i vår kulturhistorie og er den einaste grønsakplanten i verdshandelen med opphav frå Norden. I ei tid som no, med interesse for lokalt dyrka mat, sunne matvarer og fare for matmangel grunna krig, kan det henda at Vossakvann vil få ein ny giv.

Grønsak med opphav frå Norden

Kvann er kanskje den planten som står sterkast i vår kulturhistorie. Ikkje minst alle stadnamna med samansetnaden kvann syner kva denne planten har hatt å seia for forfedrane våre. Det vart eksportert mykje kvann frå Noreg på 1500- og 1600-talet. Heile planten, og særleg røtene, inneheld eteriske oljer som gjev ein karakteristisk krydderliknande aroma og smak. Dette er nok årsak til kvannplanten sin store popularitet og bruk. Kvann har spela ei viktig rolle som C-vitaminkjelde for folk i tidlegare tider.

Kvann er ein skjermplante og det finst ei strandform og ei fjellform. Vossakvann er ei kulturform av fjellkvann der det gjennom lang tid har vore gjort eit arbeid med å velja ut kvannplantar med særpreget til Vossakvann. Bladstenglane til Vossakvann er fylte, medan fjellkvann har innhola stenglar. Det latinske namnet på Vossakvann er Angelica archangelica ssp. Archangelica var. Maiorum).

Tidlegare hadde dei kvanngardar der dei dyrka kvann, både på stølen og heime. Kor lenge dei har dyrka kvann, veit ein ikkje heilt sikkert, men det er i alle fall attende til vikingtida. I kvannagardane vart det gjerne gjødsla godt både med husdyrgjødsel ofte hestamøk og oske. I Gulatingslova får ein vita at det var straff for tjuveri av kvannrot frå annan manns hage.

Bruk av kvann

Tidlegare var det den unge blomsterstengelen, før skjermen var komen skikkeleg ut, som vart hausta. Dette var nok ei medverkande årsak til at kvannen vart borte mange stader. Seinare kom bruken av bladstenglane. Bladstengelen kan mellom anna brukast som grønsak og krydder i suppe, syltetøy, te. Han kan også etast i fersk tilstand. Kandiserte kvannstenglar kan mellom anna brukast til dessert. Tidlegare vart bladstenglar også lagt i kleskistene for å halda møllen borte og for å få god lukt på kyrkjekleda.

Det er særleg røtene av kvann som har vore brukt til medisin. Før i tida trudde dei at dersom dei togg på ei kvannarot så ville ikkje smittsame sjukdomar som til dømes pest ramma dei. I dag vert røtene brukt som smakstilsetjing i drikkevarer som til dømes likørar.

Bladstengel Vossakvann
Bladstengelen til Vossakvann

Dyrking

Kvannplanten utviklar seg gjennom mange år ved at blada gradvis byggjer opp rota, som til slutt skyt opp ein stengel som får blomar. Dette tek all næringa frå rota og blada og etter dette krafttaket døyr planten. Alt etter veksestad og næringstilgang kan dette ta to til sju år.

Vossakvann veks villig så sant han får jord med bra moldinnhald og gode råmetilhøve. Dersom veksttilhøva vert for gode vil plantane lett veksa fort og setja blomsterstenglar og dauda. Dersom ein plantar Vossakvann på stader med til dømes mykje sol, kan planting utan jorddekke (plast eller vevd plastduk) vera det beste.

Ta bort plantar med innhol stengel

Plantar frå frø er ikkje stabile i høve til fylt stengel, og ved dyrking må ein ta bort plantar med innhola stengel. Ein må ikkje samle frø frå plantar av Vossakvann som ikkje har fylt bladstengel. Det seiest at vossakvannfrøa misser mykje av spireevna etter sanking og opptørking. Frø må utsetjast for kuldepåkjenning for å spira. Frø kan gjerne såast direkte om hausten slik som det skjer i naturen eller såast etter lagring i frysar.

Vossakvannen vert teken vare på

Etter kvart som andre grønsaker vart vanleg vart kvannagardane borte, men det er fleire som har interesse av å ha ein Vossakvannplante. Det er teke vare på frø frå fire linjer av Vossakvann. Organisasjonen Kvann (http://kvann.org) er aktive i dette arbeidet.

Norsk Landbruksrådgiving Vest har hatt eit par dyrkingsfelt med Vossakvann og me har mellom anna hausta ein del frø frå to av kvannalinjene og lagra det i fryseboks. Me har også utført registreringar og hausting av blad og stenglar for å skaffe kunnskap om kor mykje avling ein kan oppnå.

Vossakvann i blomst
Vossakvann i blomst