Slaktinga er i gang, men langt frå alle lamma er slaktemodne. Her er nokre tips for god lammetilvekst på hausten:

  • La lamma få eit eige beite. Sauen står over lamma i rang. Den vil derfor ha førsteretten på det beste beitegraset.
  • Juli har vert fuktig i store deler av fylket. Det har ført til ekstra sterkt smittepress av innvoldssnyltere. Lam fulle av innvoldssnyltere veks dårlig. Er du i tvil, ta ein avføringsprøve.
  • Beiting med lam på dyrka mark fungerer som regel bra. Men dersom det er gjødsla etter 2. slåtten vert graset svært proteinrikt og lamma skit blaudt. Dersom lamma får tilgang til "ordinært" beite i tillegg vil dei sjølv regulere vomma og problemet blir mindre.
  • Forsøk frå Gjesdal og Bjerkreim i 2014-2015 viste at ved å IKKJE gjødsle etter 2. slåtten, var det framleis rikeleg med protein i graset, men det var færre lam som fekk problem med diarè. Dette er mest aktuelt der det er nytta husdyrgjødsel på våren og etter 1.slått.
  • Hugs å gi lamma tilgang på mineral, salt og vatn.