Denne artikkelen sto på trykk i Bondevennen august/2022.

Fôrverdi

Ved å ta ut ein fôrprøve vil ein få kjennskap til grovfôret sitt innhald av energi, fiber og protein. Dette er faktorar som har stor betydning i fôrplanlegginga. Dyr i høg produksjon (laktasjon eller vekst) treng mykje energi og protein for å oppretthalda produksjonen. På same tid treng dei eit balansert innhald av fiber (NDF) for å ivareta vommiljøet og ha god utnytting av næringsstoffa i fôret. Til høgtytande dyr vil eit fôr med 0,90 FEm, 14-17 g råprotein/kg ts og rundt 500 g NDF/kg ts vera fint.

Grovfôret sitt næringsinnhald heng tett saman med utviklingstrinnet, og basert på dette kan ein vurdera om ein traff på haustetidspunktet. I tillegg vil kjennskap til grovfôret sitt næringsinnhald gje eit godt grunnlag til å bruka rett grovfôr til rett tid, og vurdera kva kraftfôrtype og kva kraftfôrmengder ein bør leggja seg på.

Gjæringskvalitet

Innhald av gjæringsprodukt (mjølkesyre, eddiksyre, smørsyre og ammoniakk) har stor påverknad på fôret sin smaklegheit. Derfor vil gjæringskvaliteten ha påverknad på kor mykje grovfôr dyra vil eta. Fôr med dårleg gjæringskvalitet bør derfor ikkje bli gitt til dyr i høg produksjon, om mogleg. I eit godt fôr bør innhaldet av smørsyre vera under 3- 4 g/kg ts og ammoniakkinnhaldet bør vera under 100 g/kg CP. Ønska innhald av mjølkesyre er avhengig av tørrstoffprosenten. Generelt ønsker ein å gjera fôret lagringsstabilt (senka pH) ved å produsera minst mogleg syrer.

Tabell: Anbefalte grenseverdiar for innhald av gjæringsprodukt i surfôr med 25% TS. Henta frå Eurofins

Mjølkesyre

Eddiksyre

Smørsyre

Total syre

Ammoniakk NH3-N

40-80

12-30

< 4

< 100

< 100


Dersom ein har fått mykje feilgjæra fôr bør ein vurdera faktorane i haustelinja si. Høgt innhald av ammoniakk (NH3-N) kan tyda på at fortørkinga ikkje har vore rask nok. Smørsyregjæring kan indikera at pH ikkje har blitt senka raskt nok, gjerne i kombinasjon med låg tørrstoffprosent. På den måten kan ein evaluera dosering og val av ensileringsmiddel, faktorar rundt fortørkinga og pakkinga. Motsett kan ein gjera dersom gjæringskvaliteten er god, då kan ein vurdera kva som gjorde at ein lukkast.

Rett gjødsling

Ved å ta ein utvida analyse kan ein få kjennskap til grovfôret sitt innhald av ulike mineral. Dette er særleg nyttig for å vurdera gjødslinga. Med grunnlag i mineralanalysen kan ein vurdera om neste års gjødsling bør justerast. For svak gjødsling vil avgrensa avlingsmengda, mens for sterk gjødsling er kostbart og kan gje høgt innhald av kalium og nitrat som igjen kan fremma sjukdom i besetninga. Nå som prisane på gjødsel har auka markant er det å sikta seg inn på ei optimal gjødsling svært lønnsamt.

Rett prissetting av grovfôret

For kjøp og sal av grovfôr vil ein fôrprøve vera nyttig for rett prissetting. Tørrstoffprosenten i grovfôr er svært varierande og har stor påverknad på kor mange fôreiningar det er i ein rundball. Med kjennskap til tørrstoffprosenten, fôreiningskonsentrasjonen og vekta på rundballen kan ein rekna ut kor mange fôreiningar rundballen inneheld, og dermed setta rett pris. Til dømes vil prisen på ein rundball med 20 % ts mot 40 % ts, på 700kg med 0,90 FEm/kg ts, vera 400kr ballen mot 800kr ballen. Kjennskap til kva rundballen inneheld vil dermed gjer at verken kjøpar eller seljar vil enda opp med katten i sekken.

Kor mange fôrprøvar bør ein ta?

Ein bør ta så mange fôrprøvar at ein får ein god oversikt over kva grovfôr ein har å rutte med. Generelt bør ein ta minst ein fôrprøve frå kvar slått. Det kan vera aktuelt å ta fleire prøver dersom ein har slått på ulike tider, har skifter som ligg langt frå kvarande, har skifter med ulike frøblandingar eller som er gjødsla ulikt, eller andre faktorar som kan gjera utslag på fôrkvaliteten. Er du i tvil kor mange fôrprøver som er hensiktigsmessig å ta ut på din gard kan du drøfta det med din lokale NLR rådgjevar. Ta kontakt med NLR dersom du ynskjer fôrprøve. Me kan også hjelpa med å tolka analysesvaret gjennom NLR Surfôrtolken.

Bestill uttak av fôrprøvar

Me kan hjelpa både me uttak og med å tolka analysesvaret. Ønsker du fôrprøvar kan du bruke vårt bestillingsskjema eller kontakte Målfrid (tlf. 476 44 120).

Forprove foto anders w aune
Under fôrprøveuttaket får ein eit førsteinntrykk av grovfôrkvaliteten. Foto: Anders W. Aune
Forprover malfrid foto ole arnfinn fitjar
Ein fôrprøve vil vera til hjelp for å bruka rett grovfôr til rett tid. Foto: Ole Arnfinn Røysland Fitjar