Først ute var dei i Rissa, Ørlandet og på Frosta (3.-4.juni), men også i Stjørdal og Beitstad blei det slått dei påfølgande dagane. Også i områda litt lenger unna fjorden (Selbu) og lenger nord (Overhalla, Namsos, Høylandet) var det ein del som slo før det etterlengta regnet kom rundt 11.juni. Etter dette blei det eit lengre opphald i innhaustinga pga regn og ustabilt vêr. Resultatet blei at ganske mange ikkje var ferdige med slåtten før siste veka i juni, sjølv i lågareliggande strøk. På bakgrunn av dette ventar vi relativt stor strekk i laget med omsyn til kvaliteten i førstelått frå denne delen av Trøndelag i år. Tilsvarande blir det også store forskjellar i tidspunkt for andre og eventuelt tredjeslått.

På bakgrunn av forskningsbasert kunnskap tilrår vi som hovudregel at etter ein tidleg førsteslått i timoteidominert eng, bør andreslåtten takast når ein har nådd 500-550 døgngrader (°d). Dette gjeld vel og merke dersom ein vil ha topp kvalitet på andreslåttfôret, dvs 0,90 FEm eller meir. Seier ein seg nøgd med middels kvalitet (0,85 FEm) vil det høve å ta andreslåtten etter 650-700 °d.

For dei som tok tidleg førsteslått passerte varmesummen 550 °d førre veke både i Rissa, på Frosta Kvithamar og Mære. På Skogmo i Overhalla skjer dette i løpet av denne veka. Etter dette er ein altså allereie for seint ute til å kunne få toppkvalitet på fôret – om ein ikkje allereie har slått. Neste passeringspunkt (0,85 FEm, 650-700 °d) blir nådd denne veka i Rissa og på Frosta, medan ein det enda er ei veke å gå på (19.-24.juli) på Kvithamar, Mære og Skogmo.

Vi er kjent med at det faktisk er nokre få som faktisk HAR slått, både på Fosen og på Innherred. For desse vil det no bli eit spørsmål om vidare haustestrategi; ta det som vil bli ein svært stor og gammal tredjeslått i slutten av august/byrjinga av september? Eller sikte seg inn mot fire (!) slåttar, evt tre slåttar og deretter ein lang beiteperiode frå midten av august? Treng du nokon å diskutere dette med - ta gjerne kontakt med din lokale rådgivar!

Sjølv om det målt i døgngrader/varmesum no er tid for andreslått i dei nemnte områda, er det som vanleg nokre MEN…

Mange stader var det eit betydeleg vassunderskot i jorda allereie tidleg i juni, altså når den tidlegaste slåtten blei tatt. Sjølv om det kom litt regn i midten av juni, var dette ikkje tilstrekkeleg til å kompensere for fordampinga ein samtidig hadde som følge av høge temperaturar. Blant dei fire stasjonane som Vips oppgir vatningsbehov for (Skogmo, Mære, Kvithamar, Rissa, http://gamlevips.nibio.no/warning/wa230s.jsp ) har vassunderskotet vore særleg stort på Kvithamar, medan det i Rissa har vore moderat. Ein kan anta at der det var stort vassunderskot ved slått og deretter stor fordamping etter slått, var det lite eller inkje vekst hos plantene den første tida. Eit fråtrekk omlag 100°d i høve til det ein kan rekne seg fram til eller få ut på Vips, kan derfor være rimeleg å legge til grunn når ein skal peile seg inn mot eit høveleg haustetidspunkt. På Kvithamar er avlingane godt under normalen, både i følgje Grovfôrmodellen (figur 1) og i verkelegheita. I Rissa, der vassunderskotet har vore mindre, kan ein vente litt høgare avlingar (figur 2) enn på Kvithamar.

Ein anna joker er sjølvsagt vêret. Det er meldt regn til helga, og der graset har kome langt lurer ein del på om dei skal slå no og få ut gjødsel på det regnet, eller vente på opphald seinare i veka.

Konklusjonen er at mange av dei som tok tidleg slått truleg kan ha is i magen når det gjeld med andreslåtten. Vurder vekseforholda på eigen gard, behovet for mengde vs kvalitet og diskuter gjerne med din lokale rådgjevar dersom du er i tvil.

For dei som slo seint, er det sjølvsagt enda for tidleg å tenke på andreslåtten.

Bilde 1 graf
Figur 1. Forventa avlingsutvikling i første- og andreslått etter tidleg førsteslått 8.juni på Kvithamar. Raud linje gjeld 2021, grøn strek gjeld «normalen», dvs gjennomsnitt over mange år.
Bilde2 graf
Figur 2. Forventa avlingsutvikling i første- og andreslått etter tidleg førsteslått 4.juni i Rissa 2021.