Gardseksempel (Prisane er justert pr Juli 2022), Aslak Botten, NLR-Østafjells.

Ved å overgjødsle med 1,5 tonn blaut storfemøkk(balansegjødsle) vert det god tilgang av både Fosfor og Kalium sjølv med bruk av 25 kg/daa med OPTI-NS gjødsel.

Ved å kutte ut møkka anbefalar skifteplan 35 kg/daa 25-2-6 til overgjødsling, Bytteforholdet er derfor basert på den gjødsla. Ved ei dyrare gjødsel(for eksempel 22-2-12) vert bytteforholdet betre, det vert meir å spare og større gevinst ved å bruke husdyrgjødsel.

Jordprover eksempel
Figur 1: Jordprøver frå skiftet syner god Fosfor og middels Kalium tilgang frå jorda
Gjodselbehov med mokk
Figur 2: Gjødselalternativ med bruk av husdyrgjødsel
Gjodselbehov uten mokk
Figur 3: Gjødselalternativ ved å ikkje bruke 1,5 tonn storfemøkk etter 1 slått.

Ved å transportere 1,5 tonn med møkk og bruke 25 kg OPTI-NS oppnår ein betre næringstilgang, enn ved å kutte husdyrgjødsla og heller bruke for eksempel 35 kg 25-2-6.

Prisforskjellen pr daa på mineralgjødsel vert 102 kr/daa= 68 kr/tonn møkk. For ein husdyrbonde må møkka ut på eit eller anna tidspunkt. Og det vil då ofte vere transportkostnaden som utgjer hovudforskjellen på om det er lønnsamt å bruke mineralgjødsel i staden for husdyrgjødsel eller omvendt.

I dette tilfellet har du 102 kr/daa å transportere møkka til jordet på + eventuelle sparte kostnader til pumpetraktor og transport. I tenkt tilfelle med gyllesemi (32m3/lass) kostar lasset om lag 1600 kr(50 kr/tonn) å få transportert til jordekanten. Du har då 18 19 kr/tonn =27 kr/daa i gevinst + sparte kostnader på eigentransport + pumpetraktor å spreie møkka for.

Ved å bruke gyllesemi til transport oppnår ein ofte også fleire gevinstar enn berre redusert transport tid. For dei fleste vil Fylletida av tankvogna reduserast kraftig, du sparer «pumpetraktor timar» heime, samt at du ofte får ut møkka på kortare tid. Direkte utgifter til gjødsel reduserast.

Ved å leige inn gyllesemi sparer bonden all transportkjøringa med eigen tank. Fylling av tankvogna er lagt inn i leigeprisen av gyllesemien, og bonden sparer derfor «pumpetraktor» til fylling av vogn. Med 8" fyllerør fyller gyllesemien møkkvogna oftast mykje raskare enn bonden greier sjølv med eiget utstyr. Gyllesemien er fleksibel og vil i dei fleste tilfella stå rett ved jordekanten å fylle opp vogna slik at spredeutstyret vert nytta effektivt.

Spart pumpetraktor er berekna til 600 kr/t= 9,1 kr/m3 og eigenstransport 1000 kr/t = 47 kr/m3 for 11 m3 vogn og 63 kr/m3 for 8m3 vogn. Totalt vert gevinsten 71 kr/m3og 1893 kr/time for 11m3 vogn og 91 kr/m3 og 2426 kr/t for 8m3 vogn ved å leige inn gyllesemien. Gevinsten skal dekke tidebruken til eiget arbeid og maskiner. Dvs jo mindre vogn du har jo meir lønnsamt er det å leige inn transportkapasitet.

Okonomigjennomgang