-Sjølv om vermeldarane signaliserer låge temeperturar komande vekene, bør nok dei som har engareal isådd grasartar for treslåttsregime ha klart slåtteutstyret når vi bikkar over i juni- dersom ein ynskjer å slå eit gras med potensiale for høgt grovfôropptak, (og dermed også at større del av dyret sitt energi- og proteinbehov blir dekt via grovforet).

-Består grassvoren av grasartar tilpassa toslåttsregime, vil ein overgang til treslåttsregime (med slått før skyting) som oftast føre til avlingsnedgang seinare engår. Det må du ha med i reknestykket.

Vår tilråding for dei som i dag har ein grassvor tilpassa toslåttsregime, og som ynskjer å legge om til treslåttsregime, er først å fornye grassvoren med grasartar tilpassa tre slåttar, før ein legg om til tre slåttar. Hugs også på at i dei fleste buskapar vil der vere dyr som i periodar skal ha fiberrikt fôr - dvs gras slått etter skyting. Det kan vere fornuftig å ha noko areal tilpassa 2 slåttar.

Gras slått på tidleg utviklingsstadium med høgt innhald av råprotein er utfordrande å ensilere

Foropptaket til dyret er ein av faktorane som påverkar kor mykje energi og protein frå grovfôr kan utnytte. Foropptaksindeksen blir mykje påverka av kor vellukka ensileringsprosessen har vore.

Tidleg slått gras (før begynnade skyting) med høgt nitrogeninnhald er mykje vansklegare å oppnå vellukka gjæring på enn gras slått på eit litt seinare utviklingsstadium. Ei av årsakene til dette er at høgt innhald av nitrogen i graset gjev ein buffringseffekt under ensileringsprosessen- det er vansklegare å oppnå ein rask pH-reduksjon i graset. Dette fører til at det blir ein lengre fase der mikroorganismar bryt ned protein og aminosyrer, samt at vi kan få eit høgt innhald av ulike syrer i fôret m.a. mjølkesyre. Eit høgt syreinnhald i fôret reduserer opptaket av grovforet, fôropptaksinndeksen blir lågare.

Mjolkesyre
Huhtanen 1993

Finske forsøk viser også at høgt innhald av NH3-N i surfôret reduserer surfôropptaket. Ein auke av NH3-N frå 5 til 15% av total-N kan redusere opptaket av surfôr med 2 FEM pr dag hos storfe.

Under er sett inn ein tabell frå ein artikkel rektor ved vinterlandbruksskulen i Ryfylke Ingvild Luteberget Nesheim publiserte i bondevennen 21.12.2020.

Poenget hennar er at vellukka ensilering, er svært viktig for å oppretthalde eit høgt foropptak.

Opptaksindeks: Vi ser at ved å variere høstetidspunktet får vi en svak endring i opptakskapasiteten. Hvis vi derimot varierer innholdet av syrer og ammoniakk, mens vi holder energiinnholdet konstant, får vi svært store utslag.

Opptaksindeks

Korleis ta vare på godt gras i ensileringsprosessen?

  • Maursyrebaserte ensileringsmiddel gjev raskast pH senking
  • Fortørking reduserer gjæringsintensiteten. Gras slått på tidleg utviklingsstadium kan med fordel fortørkast opp i området 35% tørrstoff.

Elles vil eit aktuelt tiltak vere å unngå overgjødsling med nitrogen, samt at det bør gå minimum 4 veker frå nitrogengjødslinga til slått.

Langtidsvarsel frå Norce veke 22 – veke 25

Det blir meldt låge temperaturar (i forhold til normalen) både i veke 22 og veke 23

Temperaturavvik veke 22 25
Temperaturvarsel veke 22-25

I Uke 22 (22.05.) ser vi en stor sjanse for relativt varmt vær på Østlandet. Vestlandet, Trøndelag og Midt-Norge kommer derimot mest sannsynligvis til å ligge litt under "normalen" (20 års gjennomsnitt). I de hvite områdene forventes temperaturer som tilsvarer det som er historisk sett "normal" rundt denne årstiden. I uke 23 ser vi en relativ stor sannsynlighet (80-90%) for relativt kjølig vær (3-6 grader under normalen) i hele landet. Men det ser ut som dette relativt kjølige været ikke kommer til å vare lenge og at det normaliserer seg igjen fra uke 24 med en tendens mot varmt vær fra uke 25.

Og slik ser nedbørsvarselet ut:

Nedborsavvik veke 22 25
Nedbørsvarsel veke 22-25

I Uke 22 viser varselet en stor sannsynlighet for både mindre nedbør enn vanlig på Østlandet (80-90%) og i Sør-Norge, og mer nedbør en normalt nord fra Trøndelag. På Østlandet betyr mindre nedbør enn vanlig rundt denne årstiden at det mest sannsynligvis ikke blir noeen vesentlige nedbørsmengder i det hele tatt.

Uke 23 blir etter dagens stand mest sannsynligvis (80-90%) relativt tørr på Vestlandet og i Sør-Norge. I resten av Norge ser vi ingen avvik fra normalen. Hva som er normalt er veldig avhengig av regionen. På Østlandet betyr "normal" nedbør f.eks. ikke nødvendigvis at det blir betydelig nedbør.

Det ser fortsatt ut som det holder seg ganske tørt i Sør-Norge og på Østlandet.

Kilde: Norce