Mais er ei eittårig plante i grasfamilien. Den stammar frå Sentral-Amerika og er tilpassa tørt klima, høg temperatur og høg solinnstråling. Mais er ein såkalla C4-plante. Det betyr at den har ein spesiell fotosyntese. Plantene her i nord, medrekna grasartane, er C3-planter. Plantene tek opp CO2 og slepper ut vassdamp og oksygen gjennom spalteopningane. Når det tek til å bli tørt og høg temperatur begynner C3-plantene å stenge spalteopningane for å spare vatn, og fotosyntesen avtek.

C4-plantene derimot har eit tillegg i fotosyntesen der dei tek opp og lagrar CO2 og kan køyre fotosyntesen med stengde spalteopningar. Det betyr at når C3-plantene begynner å stenge ned, kan C4-plantene sette inn eit ekstra gir og utnytte sol og varme til å vekse. Mais trivest best ved 25-30 grader, men fell temperaturen ned mot 10 grader går veksten tregt. I eit kjøleg og fuktig klima er det dermed C3-plantene som har fordelen.

Krav til dyrking

Mais bør ha ein jordtemperatur på 8-10 grader ved såing, det bør ikkje vere fare for frost etter spiring, og den må vere moden før frosten kjem om hausten. Sørvendt, lett jord er det beste. Her i landet må ein velje dei tidlegaste sortane.

Til fôr blir mais hausta som heilgrøde, dvs. at både kolbar, blad og stengel blir hausta. For å få den mengda og kvaliteten ein er ute etter, må maisen ha utvikla kolbar og oppnådd eit visst tørrstoffinnhald.

MVE

For å vurdere dyrkingsmulegheitene for mais brukar ein maisvarmeenheter (MVE). MVE blir rekna ut etter ein formel som tek omsyn til både sum døgngrader, minimums- og maksimumstemperatur. Vi har rekna ut MVE for målestasjonane i Surnadal, på Tingvoll og på Linge dei siste åra. Det er sagt at ein bør over 2400 MVE for å oppnå ønska kvalitet på maisavlinga.

Av figuren under ser vi at MVE jamt over ligg for lågt i heile fylket. I løpet av dei fem siste åra er det berre Linge i som har passert den anbefalte grensa eitt år.

Eit anna moment ein bør ta med i tillegg til temperatur er solinnstrålinga. Overskya vêr vil gi mykje dårlegare vekst enn sol ved same temperatur. Mais toler ikkje frost.

Risikabelt

Sjølv om det er mange plassar lengst sør i Norge som passerer 2400 MVE dei fleste år, vil kvaliteten variere ein del frå år til år. Sjølv i Sverige og Danmark blir fôrmais rekna som noko usikkert. I dei beste somrane og på dei beste plassane i Møre og Romsdal vil ein kanskje kunne oppnå god avling og kvalitet i enkelte år, men i ein sommar med kald mai og lange periodar med 10-15 grader og regn resten av sommaren (slik som i 2022) kan nok maisavlinga bli totalt mislykka.

Ved dyrking på større areal vil ein ha behov for spesialisert såmaskin, hausteutstyr (finsnittar med «corn cracker») og eigna lager.

Maisvarmeenheter for Surnadal Tingvoll og Linge 2018 22
Maisvarmeenheter (MVE) 15. mai - 1. oktober for Surnadal, Tingvoll og Linge 2018-2022.

Kva er alternativet til mais?

Heilgrøde av korn blir ein slags «lightversjon» av maisheilgrøde. Dersom ein haustar kornet på deigmodningsstadiet, vil ein få ei avling som består av mykje fiber og bra med stivelse. Dette passar godt til tidleg slått gras som har lite fiber og høgt proteininnhald. Heilgrøde vil ikkje fungere godt i rasjonen til mjølkekyr dersom graset er slått seint, og ein alt har nok- eller for mykje fiber i rasjonen. Det kan og vere aktuelt som fullfôr til dyr med lågare energibehov; eller som reint strukturfôr dersom det er lite stivelse i heilgrøda.

Rug og rugkveite

I utlandet blir rug og rugkveite til heilgrøde trekt fram som «billege» alternativ som gir stor avling med forholdsvis liten innsats. Begge blir sådd om hausten. Kornet blir da dyrka i reinbestand, og ein sår ofte gjenlegg etter hausting av heilgrøda. Forsøk både her i landet og i nabolanda har vist at avlinga kan bli stor, men at innhaldet av stivelse og protein blir lågare enn i bygg og kveite. Dette skuldast truleg uttynningseffekt på grunn av avlingsnivået

Kveite eller bygg

Det mest aktuelle er å så kveite eller bygg som dekkvekst i gjenlegg og hauste dette som heilgrøde. Da oppnår ein høgare totalavling i gjenleggsåret; og ein er fleksibel med å hauste kornet som grønfôr, dersom ein ser at ein treng fôr med mindre fiber og meir protein. Kveite har fordelen av open vekst og ein kan bruke full såmengde. Sidan kveite er seinare enn bygg, vil ein ha større avlingspotensiale og eit litt lengre haustevindu. Bygg vil gi raskare modning og høgare stivelsesinnhald der vekstsesongen er kort, og i forsøk er det vist litt betre fordøyelegheit av bygg enn kveite.

Ta gjerne ein prat med fôringsrådgivaren din før du planlegg heilgrødedyrking.

Og er du framleis ikkje skremt frå å vurdere maisdyrking etter å ha lese denne artikkelen kan du lese dyrkingsrettleiinga som NLR Viken og NLR Øst har laga: https://viken.nlr.no/fagartikler/grovfor/mais/viken/dyrkingsveileder-formais

Hausting av mais. Foto: Julie Wiik, NLR Viken
Omfang og interesse for maisdyrking i Noreg er veksande, men dyrkingstilhøva på Nordvestlandet er nok slik at dette vil vere risikabelt på våre kantar. I Vestfold, der dette bildet er tatt, ligg tilhøva betre til rette. Foto: Julie Wiik, NLR Viken.

Kjelder: