NLR Vest har hatt avlings- og kvalitetsregistrering i eittårig raigras på 5 ulike bruk. Registreringane blei gjort i Luster i 2014 og 2015, i Stryn i 2015 og 2016, i Gloppen i 2016 og 2019. Tal haustingar varierte frå 2 til 4 pr. sesong når vi ser alle åra og alle stadane samla. Raigraset vart sådd saman med bygg.

Avling og kvalitet

Sjølv om raigras er lett å dyrke, så er det ikkje like enkelt å treffe med godt haustevêr til alle slåttane gjennom ein sesong. Det er krevjande å få god nok fortørking og god nok fôrkvalitet på alt fôret. Resultat frå nokre av desse registreringane er publisert i detalj tidlegare gjennom Bondevennen og gjennom rådgjevingsmeldingar til medlemane i NLR Vest. Registreringane er utført under praktisk dyrking på skifte mellom 30 og 90 dekar. Det er vege rundballar og teke fôrprøver frå alle slåttane. Dette er grunnlaget for utrekning av avlinga. Vi skal her også sjå på avlingsnivået i raigras opp mot avling i ny timoteieng.

Raigras tabell
Tabell 1: Total avling av eittårig raigras på 7 ulike registreringar gjennomført på 4 år. Vi ser variasjonen mellom slåttane når det gjeld tørrstoff-, energi- og proteininnhald.

Tabellen syner tydeleg at det har vore utfordrande å produsere stor avling med jamn og god kvalitet av raigras. I desse åra har vi hatt både tørke og for mykje væte, noko som har verka inn både på avlingsnivå og tal slåttar. Spesielt var det vanskeleg i Luster i 2015, der det berre blei teke 2 slåttar. Av ulike årsaker har fortørkinga vore heller dårleg fleire stader, også i sesongar med brukbare innhaustingstilhøve. Berre unntaksvis har vi oppnådd så tørt fôr som ynskjeleg.

Energiinnhaldet varierer

Det går også klart fram at energiinnhaldet i fôret varierer mykje mellom dei ulike slåttane gjennom sesongen. Dette har sjølvsagt med haustetidspunkt i høve til utvikling å gjere. Av og til må ein vurdere om ein skal slå litt for tidleg for å berge avlinga i godt ver, eller om ein skal vente til det ventande regnet er over. På fleire av stadane fekk vi fôr som hadde lågare energiinnhald enn ynskjeleg. Når ein treffer rett slåttetidspunkt, og får til god fortørking, så er raigraset ypparleg fôr!

Proteininnhald

Vi har ikkje gode registreringar av gjødslingsstyrke, men proteininnhaldet i fôret er til dels svært høgt. Det tyder på rikeleg nitrogentilgang i høve til avlingsnivået og haustetidspunktet. Mykje nitrogen (protein) i fôret gjev oss store utfordringar når det gjeld ensilering. Vått fôr med mykje protein vil krevje mykje syre for å sikre god gjæringskvalitet. Det var ikkje brukt ensileringsmiddel i alle desse registreringane. Fleire av fôranalysane synte sterk gjæring med for mykje ammoniakk og syrer. Det vart også påvist for mykje smørsyre eit par stader, noko som gjorde fôret ueigna til mjølkefôr.

Raigras samanlikna med timoteieng

I tørkeåret 2018 og i "normalåret" 2019 registrerte NLR Vest avlingsmengde og kvalitet på nokre utvalde skifte med ny timoteieng i Breim i Gloppen kommune.

Raigras tabell 2
Tabell 2: Registrering av avling i ny eng dominert av timotei. På Gard nr 2 og 3 er registreringane gjort på same skiftet i begge åra. Tala er rekna ut på grunnlag av veging av rundballar og ved hjelp av fôranalysar.

Avlingsnivået i dei timoteidominerte engene var høgt både i tørkesommaren 2018 og i det meir normale året 2019. Vi såg også at variasjonen i tørrstoffinnhald og fôrkvalitet mellom åra og slåttane var mykje mindre i timoteieng enn i raigraseng. Spesielt var proteininnhaldet svært varierande i raigraset i høve til i timotei. Det kan tyde på at det er vanskelegare å styre nitrogengjødslinga i høve til slåttetidspunkt og avlingsnivå i raigras enn i vanleg eng. Det kan verke naturleg, sidan det under raigrasdyrking kan bli brukt svært store/usikre mengder husdyrgjødsel før såing. Denne vil ha etterverknad utover i sesongen, i tillegg til den nitrogengjødslinga som blir brukt etter kvar slått.

Korleis likar bøndene raigrasdyrking?

Vi tok ein prat med Per Asbjørn og Anders Felde i Felde samdrift i Gloppen. Dei har dyrka raigras sådd saman med bygg på same staden sidan 2016. Arealet er 90 dekar, med noko tung jord. Ikkje flatt. I tillegg har dei 30 dekar raigras til beiting ved fjøsen. Jordarbeiding med skålharva "Carrier" og såing med "Einbøck" går fort unna. På Felde sler dei 3 gonger og beiter den 4. avlinga. Skal ein nytte sesongen fullt ut, så kan ein ikkje bruke glyfosat (til brakking) før seint i oktober. Dei har gjort dette, spesielt på grunn av tunrappen. Det har gitt godt resultat, og må sjåast på som ganske nødvendig.

Såing brukar å vere rundt 1. mai.

Dei har erfaring for at det er 2. slåtten i juli som har vore vanskelegast å få til god kvalitet på. Det kan sjølvsagt vere litt tilfeldig, men dei har ofte vore oppe i problemstillinga når det gjeld rett tidspunkt for hausting i høve til vêrforholda. Dei har hatt smørsyre i noko av fôret, som då har blitt brukt til ungdyrfôr. På denne måten har dei unngått sporar i mjølka. Dei leiger til rundballepressing, og det kan vere vanskeleg å kontrollere om det blir brukt nok syre når tilhøva blir vanskelege.

Kvifor?

Vi spør om ikkje totalt 120 dekar raigras gjer at fornying av enga elles blir skadelidande? Det føler dei ikkje. Dei har 50-60 dekar attlegg i tillegg. Sjølvsagt kan dei ved "uår" bli skadelidande med ein så stor del av totalarealet på ca. 450 dekar som raigras og attlegg kvart år. Når vi no ser at avlinga av raigras ikkje er større enn det de kan oppnå i ny timoteieng, så spør vi: Kvifor raigras? Dei føler at enga tapar seg alt i 3. engår. Difor vil raigrasdyrking alltid heve gjennomsnittsavlinga. Det vil vere rett for dei aller fleste. Ingen har topp eng over alt på garden. Dei driv litt direktesåing av engfrøblanding i ganske ny eng, og isåing av eittårig raigras i enga sitt siste leveår. Dette blir også gjort med "Einbøck", sjølvsagt med resultat som varierer frå år til år.

Ved bruk av raigras med 3 slåttar og attlegg av vanleg eng med 2 slåttar, blir det mange slåttetidspunkt gjennom sesongen. På Felde ser dei dette som positivt, når alternativet er at all eng er slåtteklar samstundes. Det kan også by på problem under dei vêrtilhøve vi kan ha.

USIKKER LØNSEMD

Reservebilde av Einbock
Såmaskin av denne typen er stadig meir brukt, både til såing av attlegg og ved isåing av raigras og engfrøblanding i eksisterande eng.
Bilde nr 1 Carrier Felde
Jordarbeiding med skålharva "Carrier", eller tilsvarande utstyr, er effektivt mellom åra ein har raigras. Dette er ein metode som i mange høve også kan vere fullgod ved attlegg til fleirårig eng.