Det er ein hårfin balansegang mellom det å ta vare på kløveren, som tilfører jorda gratis nitrogen, og dei sådde grasartane, og å få bukt med ugraset som fortrenger dei grasvekstane me ynskjer. Difor er det avgjerande at ein treffer det rette tidspunktet for når behandling med kjemisk plantevern skal skje. Grove tommelfingerreglar seier mellom 5 og 7 veker etter såing. Men som med alt anna innanfor biologien, så veit me at det er lite som er eit endeleg svar og ein fasit på, eller noko som ein kan rekna seg fram til. Her må me rett og slett ut for å sjå, nyttiggjera oss den kunnskapen kløveren gir oss. Tidspunkt for såing, temperatur og tilgang/mangel på vatn er alle variablar som påverkar når det er mest optimalt å sprøyta.

For å berga det me ynskjer, og overvinna ugraset, må kløveren ha fått 1-2 varige blad. Dei trekopla blada er det som veks sist ut på kløverplanta, og det er det som er dei gjenkjennelege blada me ofte kjenner att kløveren på. Trekopla blad er mest vanleg, men det kan og vera både fire- og femkopla blad. Det har vel vore sagt at finn du ein kløver med fire, så betyr det lukke. Noko som nok kan stemma for kløver er positivt å ha i enga. Uansett, det skjer mykje med kløveren før han kjem til det punktet at han har 1-2 trekopla blad, og då toler sprøyting. Fyrst av alt kjem det to frøblad og på det tidspunktet kan det vera vanskeleg å artsbestemma kva plante det er, men så kjem det karakteristiske spadebladet. Eit blad som er forma og ser ut som ein god gamaldags spade. Då veit ein at det er kløveren ein har med å gjera, men på det tidspunktet er det framleis for tidleg å sprøyta. Gi det nokre dagar, ta turen bortom attlegget ofte, og følg med på når dei trekopla blada kjem fram, når det andre trekopla bladet viser seg tydeleg er berre å gjera klart utstyret og starta sprøytinga.

Fyrste trekoplablad
Fyrste trekopla blad

Val av middel ein ynskjer å nytta kjem an på pris og kva type ugras som har etablert seg i enga. Verknadstabellen for ugrasmiddel i attlegg, som NLR Vest har utarbeidd, hjelper deg med å avgjera kva middel som kan vera det rette for ditt attlegg. NLR sine rådgivarar står også klar til å diskutera og gi råd om kva som er mest fornuftig å gjera i ditt tilfelle.

Sprøyting på denne tid verkar på ugras som har etablert seg i attlegget via frø. Meie ugras som til dømes høymole, kveke og soleie kan alle også formeire seg via stenglar. Skal ein få bukt med dette kan det vera eit alternativ å brakka enga før ein startar jordarbeidinga. Erfarne bønder fortel òg om gode erfaringar med 3-4 år med eittårig raigras på eit skifte før det blir etablert eit attlegg med varig eng, det har vist seg at det har redusert omfanget av til dømes høymole, kveke og soleie etter at enga har etablert seg.

Set støtet no på å bli kjend med kløveren og la han få fortelja deg kva du skal gjera. Det er mykje positivt med kløveren, mellom anna at han tilfører enga ekstra nitrogen. I tillegg fortel han deg når det optimale sprøytetidspunktet er, og då kan du klara deg med optimal dosering av det sprøytemiddelet du nyttar, det er godt for både lommeboka di og klima!

Sjå verknadstabellen her

Mykjefrospirthoymole
Mykje frøspirt høymole