For alle andre køyretøy med skilt må du nesten alltid ha godkjenning om du har noko framme, som ikkje er originalmontert: Kjøper du til dømes lyktebøyle til HiAcen din, må du få det notert i vognkortet for at bilen skal vere lovleg.

Viss du derimot har frontlastar på traktoren, er det strengt tatt opp til deg å vurdere om dette er forsvarleg. Det er ikkje heilt enkelt. Mellom anna fordi der ikkje finst nokon regel som tydeleg seier kva som er greitt og ikkje.

Eit såpass raust og romsleg regelverk stiller store krav til oss som køyrer traktor, så vi viser oss tilliten verdig.

Kva seier lova?

Der er ingen forskrifter som direkte regulerer kva reiskap du kan ha på lastaren, kor høgt den kan vere eller om du kan køyre med lass. Men paragraf tre i Vegtrafikklova regulerer alt som ikkje har eigne reglar. Denne paragrafen er omtalt som trafikkens grunnregel, og har denne setninga:

Enhver skal ferdes hensynsfullt og være aktpågivende og varsom så det ikke kan oppstå fare eller voldes skade og slik at annen trafikk ikke unødig blir hindret eller forstyrret.

Der står også litt i §13 i same lova som er aktuelt å kjenne til – her eit utdrag frå første setning der: Kjøretøy skal være bygget, innrettet, utstyrt og vedlikeholdt slik at det kan brukes uten å volde unødig fare eller ulempe (…).

Med andre ord: Både måten du køyrer på, og korleis køyretøyet ditt er utstyrt, skal vere slik at det ikkje er «unødig» farleg. Neste trinn då er å tolke dette. Det står vi alle fritt til å gjere, sjølv om det er myndigheitspersonar si tolking som veg tyngst. Det vil seie kontrollørar i Vegvesenet, politi og aller myndigast: Dommarar i retten.

Teksten vidare er eit samandrag av praktiske erfaringar og tilrådingar, kva kyndige myndigheitspersonar meiner, og innsikt i ulike ulukker og ulukkesrapportar.

Kor høgt/lågt skal lastaren vere?

Den sikraste og beste posisjonen å ha frontlastaren i ved køyring langs veg (og strengt tatt det meste av anna køyring når den ikkje er i aktiv bruk) er så lågt som råd. Høgt nok til å gå over eventuelle hinder, og så høgt at den ikkje skrapar i vegen om traktoren gyngar litt, men ikkje høgare. Reiskapsramme eller eventuell reiskap bør ikkje vere meir enn 40 cm over bakken, men gjerne lågare. Det er forresten den høgda ein del maskinførarkurs opererer med for skuffa på hjullastar langs veg.

Ein enkel test på kva som er rett høgde er å stille opp traktor med frontlastar heime på tunet, med lastaren i den høgda du tenkjer er passeleg når du skal ut på vegen. Så finn du deg ein personbil og køyrer den midt imot traktoren, og ser kor lastar eller reiskap vil treffe bilen. Så går du inn att i traktoren og senkar lastaren til den er i ei høgde som er «grei å kollidere med». Det er nemleg svært vanleg at dei aller fleste har lastaren alt for høgt. Det er stor skilnad på korleis ting blir oppfatta om du sit i traktorsetet eller bilsetet. Øv på dette, så du får kalibrert høgda! Bilar flest er bygde så der blir lite personskade ved kollisjon under panserhøgde. Viss lastaren går over panseret, er det svært stor risiko for at det endar med ei dødsulukke. Er lastaren for høgt, er også risikoen stor for at du blir tiltalt for drap.

IMG 0885
Ei høgde på om lag 40 cm over vegbana er grei. Eller gjerne lågare.

Kvifor ikkje på topp?

Traktoren er eit veldig ustabilt køyretøy. Velteulukker med traktor er ganske utbreidd, særleg langs veg. Å ha lastaren på topp gir mykje dårlegare stabilitet. Viss traktoren din er så stor og tung at den likevel er stabil nok, vil lastaren vere så stor at du tek opp i det som måtte vere av telefonlinjer, straumlinjer, jernbaneundergangar og sånt. Og ikkje minst: Ein lastar i høg posisjon kan gå rett inn i førarhytta på lastebilane. Der sit lastebilføraren nærast ubeskytta. Det har vore fleire episodar der lastebilar har fått frontlastaren inn gjennom frontruta. Til no utan dødsulukker, men like fullt ingen ønska situasjon.

Der finst ingen god grunn til å ha lastaren høgt oppe langs veg, så senk den ned!

Jammen….

Har du spyd på lastaren, og meiner at det er tryggare å ha lastaren på topp med spydet peikande nedover? Joda, det er betre enn spyd som peikar fram, men likevel neppe ei løysing som imponerer verken lastebilfolket, kontrollørar eller folk i rettsalen, om det skulle gå skikkeleg gale. Skift til oppfellbart spyd!

IMG 0891
I tillegg til at rundballespydet er så langt at det kan råke både førar og passasjer, er det svært vanskeleg å sjå. Vi har hatt dødsulukker med spyd i denne posisjonen.

NB: Blindsoner!

Det har vore fleire dødsulukker der lastaren har vore litt for høgt. Som regel i ein posisjon der føraren inne frå førarsetet tenkjer at lastaren er lågt nok, men viss du går ut og sjekkar høgda, kunne den utan problem vore senka ganske mykje meir. Lastararmane gir store blindsoner, som skjuler fotgjengarar. Skilnaden på å ha lastaren litt for høgt, og å ha den så lågt som den skal vere, er om du ser eit barn eller ikkje. Eller enda til om du ser ein fullvaksen person eller ikkje. Om det går gale, er desse centimeterane med for høg lastar noko du blir stilt til ansvar for og dømt for. Også eventuell reiskap framme kan gi store blindsoner. Ver bevisst på kor du har blindsoner når du køyrer, og finn ut korleis du sikrar deg at der ikkje er noko i blindsonene som du burde ha sett.

IMG 0881
Har du lastaren for høgt, som her, lagar lastararmane store blindsoner.

Kva reiskap kan vere montert?

Her er det enda større tolkingsrom, og vanskeleg å gi bastante svar. Det ser ut til å vere brei semje om at køyring med skuffer og liknande er greitt. Rundballeløft og ymse klyper ser også ut til å vere akseptert. Likeins feiekostar og andre arbeidsreiskapar (men pass på vekta – meir om det lenger nede).

Pallegaflar, rundballespyd og andre ting med lite tverrsnitt som stikk langt ut, eller med spiss ende, er ikkje godtatt. Viss du vil ha med deg slik reiskap har du to-tre alternativ:

1) Kjøp ei slik utgåve der du kan felle opp gaflane eller tindane så dei står loddrett, parallelt med reiskapsramma.

2) Sett reiskapen på tilhengaren. Det vil forresten vere smart av tilhengarprodusentane å lage gaffellomme med enkel sikring.

3) Viss du ikkje har reiskap bak, ta med frontreiskapen der.

Jma 1609 0510
Dette er heilt ok å ha framme langs veg: Superenkelt oppfellbart rundballespyd.

NB: Sjekk tillatt framaksellast!

Traktoren er ei allsidig maskin, men ofte med ganske lita tillatt aksellast framme. Der blir også lang vektarm frå framaksling til reiskap framme på lastaren. Å gå over tillatt aksellast i arbeid ute på åker og eng i låg fart er ikkje så kritisk, men å overbelaste framakslingen langs veg i høg fart kan både vere uheldig for akslingen og sjølvsagt ulovleg. Uansett er det smart, på alle traktorstorleikar, å ha nok motvekt bak når du arbeider med lastaren. Dette for å belaste framakslingen mindre og få betre balanse og tryggare køyring. I våre dagar går traktorar flest med ei eller anna form for hurtigkopling bak, så bør kunne vere kjapt gjort å hekte på eit lodd eller noko passeleg reiskap som motvekt.

Vi har gjort fleire målingar som viser at det er langt mellom traktorane som har nok lovleg framaksellast til å kunne ha ein rundball framme. Men det skal du ikkje ha langs veg likevel.

Ssm lm a09 551
Kritisk dårleg sikt, last i lastar, manglande sikring, overlast på framaksling, inga motvekt bak, ikkje lys…

Last framme er ikkje greitt!

Det verkar til å vere semje mellom kontrollørane langs vegen om at det ikkje er ok å køyre med last i frontlastaren. Hydraulikken på frontlastaren har ein ganske enkel konstruksjon, utan slangebrotventilar eller andre former for sikring. Viss noko ryk, og det gjer det av og til, går lastaren boms i bakken og ting blir ugreitt. Viss den i tillegg har tung last, får traktoren ein ukontrollert bråstopp med risiko for at mykje rart kan skje. I tillegg har du det med tillatt framaksellast, og på toppen av det igjen: Mange typar last har store blindsoner.

Palle
Nei, ikkje last på frontlastar langs veg, og ikkje pallegaffel framme heller!

Kva med reiskap framme? Og kva med trepunkt?

Ikkje spør så vanskeleg… Ei frontslåmaskin med stengelbehandlar kan vere ganske tung, og gi ein ubehageleg stopp om den går i bakken. Det same med ein frontmontert snøfresar. Men praksis ser ut til å vere at arbeidsreiskap er ok. Vel å merke om aksellasta er innanfor. Der kan vere andre grunnar til at nokre typar frontreiskap ikkje blir godtatt. Ei oppfelt frontrive gir enormt med blindsoner, til dømes. Så bruk fornuft!

Elles er prinsippa dei same uansett om du brukar trepunkt eller frontlastar.

IMG 0893
Har du frontreiskap breiare enn 2,55 meter, skal der vere slike skråstilte refleksplater og posisjonslys. Det gjeld forresten også bakmontert brei reiskap.

Flat eller tilta reiskap?

Den reiskapen du eventuelt har framme bør ha ein posisjon så den gjer minst mogeleg skade ved ein kollisjon. I dei aller fleste tilfelle betyr det at reiskapen bør ligge parallelt med vegbana. Ei skuffe som er tilta opp vil fungere som ein skitupp, og vere mykje meir farleg for møtande bilar enn ei skuffe som ligg flatt og dermed kan møte ein bil der bilen er bygd for å kollidere.

JMA 3120
Gjer slik: 1: Still opp traktor med lastar slik du har tenkt å køyre ut på vegen. 2: Køyr personbilen mot traktoren, og sjå om du tykkjer det er OK å kollidere i denne posisjonen. 3: Juster lastaren slik at det ville vore tryggare om det blir ein kollisjon.
JMA 3123
Gjer slik: 1: Still opp traktor med lastar slik du har tenkt å køyre ut på vegen. 2: Køyr personbilen mot traktoren, og sjå om du tykkjer det er OK å kollidere i denne posisjonen. 3: Juster lastaren slik at det ville vore tryggare om det blir ein kollisjon.
JMA 3122
Gjer slik: 1: Still opp traktor med lastar slik du har tenkt å køyre ut på vegen. 2: Køyr personbilen mot traktoren, og sjå om du tykkjer det er OK å kollidere i denne posisjonen. 3: Juster lastaren slik at det ville vore tryggare om det blir ein kollisjon.

NB: Sjekk låsinga!

Der har vore fleire alvorlege ulukker, også dødsulukker, som skuldast at reiskapen framme ikkje har vore i lås. Så køyrer traktoren over ei eller anna slags hump, reiskapen blir kasta av og lagar eit hinder som gjer at traktoren veltar, får slått av framakslingen, knekk ved kløtsjhuset eller noko anna kritisk. Det er alltid klokt å ha ei rutine for å sjekke at reiskapslåsinga er heilt på plass, ikkje berre stole på at ting er i lås om indikatoren har rett posisjon. Sjekk låsing både når du byter reiskap, og om du overtar traktoren frå andre. Bruk av setebelte er forresten ei anna fornuftig sikring, viss noko likevel skulle gå gale.

IMG 0897
Dette er gode greier (sjølv om frontmaskina her er bakmontert, er prinsippet det same) – berre hugs den fysiske låsinga viss du har reiskap med integrert hydraulisk løft (her: Den gule hendelen).

Kva med ting bak, då?

Last og reiskap bak traktoren er ei heilt anna historie enn å ha sånt framme. Ein ting er at det ikkje er så kritisk viss reiskapen fell av eller om hydraulikken går i bakken. Køyretøyet bak deg skal likevel ha tre sekund til å kunne stoppe, og traktoren blir sjeldan alvorleg påverka om noko bak ramlar av.

Viss du køyrer bil og møter ein traktor med spyd, og du ser at her blir det kollisjon, kan du ikkje sleppe unna sjølv om du stoppar. Kjem du bak ein traktor med spyd, og blir så skeptisk at du stoppar, vil traktoren bevege seg bort frå deg.

Hugs lys!

Når du køyrer langs veg skal du alltid ha lys, og dei må vere synlege. Viss lastaren eller reiskapen skjermar for frontlysa, må du bruke høgtmonterte køyrelys.

Fredeleg sameksistens er best

Hugsar du første ordet i trafikkens grunnregel? Der står «Enhver». Alle pliktar å vise omsyn til kvarandre, vere forsiktige og følgje godt med. Då vil det ikkje skje ulukker som folk kan skuldast for. Vårt råd til deg, og til alle andre i trafikken, frontreiskap eller ikkje: Vis omsyn, ver grei, følg med. Då går alt heilt fint.

God tur!


Artikkelen er skriven av Jogeir M. Agjeld, som har ansvaret for rådgivinga i maskinteknikk og presisjonslandbruk i NLR. Jogeir har sidan årtusenskiftet jobba aktivt og på mange frontar med spørsmål knytt til trafikkreglar og trafikktryggleik, og han har dei siste 14 åra ført statistikk over alle dødsulukker der traktor har vore involvert.