Er bruk av Klimakalkulatoren og klimarådgjeving nyttig for deg som bonde? For å undersøke dette nærare, har vi har tatt ein prat med Leif Arne Lirhus, spydspissbonde og mjølkebonde frå Myrkdalen i Voss Herad. Staden er kjend for vinterlandskapet/skiaktivitetar, og ligg om lag 400 moh.

Leif Arne er blitt ein spydspissbonde, det vil seie ein ambassadør for Klimakalkulatoren og for klimaarbeidet i landbruket på Vestlandet. Han har tatt i bruk Klimakalkulatoren, og hjelper andre bønder med å ta den i bruk.

«Landbruket er ikkje einaste næringa som må redusere utsleppa og tenkje meir berekraftig. Alle næringar må dette».

Hausten 2022 var rådgjevarar frå Tine og NLR Vest på klimarådgjevingsbesøk. Klimakalkulatoren vart nytta i stor grad. Sjølv seier han «Klimakalkulatoren er ikkje perfekt, men det er ein god start».

Vidare vart det diskutert at det er viktig at alle bønder loggar seg inn i kalkulatoren og tar ei utrekning, slik at du får dokumentert klimaavtrykket basert på norske tal. Utanlandske studiar under andre forhold, stemmer ofte ikkje overeins med landbruket i Noreg.

Du sparar pengar ved klimavennleg drift!

Kalkulatoren har ikkje som mål å definere deg opp mot resten av vestlandsbøndene, men skal vere ein reiskap som kan hjelpe til å forbetre eiga drift, både økonomisk og med tanke på klimagassutslepp. Tiltak som betrar klimasituasjonen på garden medfører ofte økonomiske innsparingar eller auka inntening i form av avling eller produksjon av mjølk og kjøt. Høgt utslepp av klimagassar tyder på tap av stadig dyrare innsatsmildar.

Her skal kalkulatoren vere eit hjelpemiddel til å identifisere aktuelle klimatiltak og for å gjere dei små justeringane som skal til for å drive betre agronomisk og å redusere klimagassutsleppa på garden.

Leif Arne ser at klimaarbeid også kan krevje tunge investeringar, men det treng ikkje vere slik. Målet er at alle skal drive litt betre, og dermed meir klimavennleg, slik at vi kan nå klimamåla landbruket har sett seg. Staten bør følgje opp med ekstra midlar til nødvendige investeringar, som til dømes auka tilskot til husdyrgjødsellager.

Klimahandlingsplanen han utarbeidde i lag med rådgjevarane frå NLR Vest og Tine tykte han var bra og enkel. Det vart sett opp ei rekkje med tiltak i planen som oppsummerer fint det som er mest aktuelt å gjennomføre. Det er ikkje noko rakettforsking, og mange av punkta hadde han allereie i tankane.

Eitt av Leif Arne sine mål inne i fjøset er å få friskare kyr som held seg lenger i produksjon. Når det gjeld grovfôrproduksjonen ynskjer han å utnytte husdyrgjødsla betre. Dette har han laga ein plan for ilag med NLR-rådgjevaren Mari Aker.

Eitt av Leif Arne sine mål inne i fjøset er å få friskare kyr som held seg lenger i produksjon. Når det gjeld grovfôrproduksjonen ynskjer han å utnytte husdyrgjødsla betre. Dette har han laga ein plan for ilag med NLR-rådgjevaren Mari Aker.

Leif Arne

Bakgrunn for Klimakalkulatoren:

Gjennom landbruket sin klimaplan har eit samla landbruk gått inn for å redusere klimagassutsleppa i landbruket med 5 mill. CO2-ekvivalentar. Det er sett opp 8 satsingsområde for å nå dette målet. Det fyrste satsingsområdet i denne planen er «Utrulling av Klimakalkulatoren og auka satsing på klimarådgjeving».

Alle gardsbruk er ulike. Dei ligg i ulike geografiske område, med ulike produksjonar, ulikt jordsmonn, skiftestruktur, storleik og driftsøkonomi osv. Utgangspunktet kvart gardsbruk har til å iverksette klimatiltak i drifta, er derfor svært ulikt. Slikt sett vil det vere vanskeleg å lage ei klimarettleiing som skal kunne gjelde alle gardsbruk i Noreg. Dermed vart det heller ynskje om ein Klimakalkulator som kunne rekne ut utsleppa på gardsnivå, på tvers av ulike produksjonar.

Tanken er at Klimakalkulatoren kan bli eit nyttig verktøy som kan hjelpe bonden å finne relevante klimatiltak i drifta. Dette kan til dømes vere strategi for fôring og stell av husdyr, eller gode tiltak i grovfôrproduksjonen som gjødslingsstrategi, kalking, drenering osv.

Vidare har Klimakalkulatoren eit strengt personvern, der berre du som bonde eig data som blir nytta. Men for at rådgjevarar skal kunne nytte informasjonen frå ditt bruk, må du gje tilgang. Denne tilgangen kan trekkast tilbake når du vil.

At alle tar i bruk Klimakalkulatoren er viktig for at ein skal lukkast med å redusere klimagassutsleppa frå jordbruket. Derfor er klimarådgjeving frå godkjente klimarådgjevarar innlemma som eige RMP-tilskot, slik at besøk av rådgjevar med hjelp til Klimakalkulatoren og utarbeiding av klimahandlingsplan vil vere gratis for gardbrukaren. Tilskotet blir søkt på ved ordinær RMP- søknadsfrist, der satsane vil variere litt i dei ulike fylka. Kontakt din lokale rådgjevar for meir info om RMP-midlar til klimarådgjeving i ditt fylke.

For landbruksselskap som Tine og Nortura er det viktig å samle inn informasjon slik at det kan nyttast ut mot forbrukaren, som stadig etterspør grundigare dokumentasjon på kvar maten kjem i frå, og kor stort klimaavtrykket er. Kanskje er vi betrakteleg betre enn vårt rykte? Og kanskje er klimaavtrykket frå norsk kjøt lågare enn utanlandsk kjøt?

Bilde1
Bonde Leif Arne Lirhus omkransa av rådgjevarane Jan Asle Torstad, TINE og Helena Elvatun, NLR Vest. Foto: Geir Geitle/Avisa Hordaland.