Ei myr er eit økosystem der omdanninga av organisk materiale går seint på grunn av store mengder vatn. Slik at plantane ikkje blir skikkeleg omdanna, men blir eit torvlag. Om enga skal blir klassifisert som myrjord, skal den ha over 40 cm tjukt torvlag, som inneheld minst 40 % organisk materiale. Er du usikker om du har myrjord, kan jordprøve vere løysinga. Analysesvaret vil fortelje kor stor del det er av organisk materiale, er den over 40 %, er det myrjord.

Test sjølv

Ved å klemme ein neve med myrjord, skal du få ut friskt, reint vatn. Har ein ei sterkt omdanna myrjord, vil ein få graut når ein klemmer.

Særtrekk på Vestlandet

På Vestlandet har ein stort sett ei næringsfattig myr, regnvassmyr. Slike myrar får store delar av vatnet tilført via regn. Forsøk NIBIO har gjort syner at utslepp frå lystgass av myr, kjem stort sett rett etter gjødsling.

Det motsette er næringsrik myr (minerogen myr). Her blir vatn tilført gjennom berggrunnen. Berggrunnen vil avgjere kva næring som blir tilført. Til dømes vil kalkrik berggrunn gje næringsrik myr der det veks artar som krev kalk. Næringsrik myr vil frigje nitrogen, og dermed vil det oppstå klimagassutslepp.

Høgt innhald av organisk materiale, vil også medføre at enga har høgt innhald av karbon. Det vil seie at om ein tek utgangspunkt i naturgjevne forhold i Vestland fylke, vil klimaarbeidet ofte bestå av å stabilisere mengde organiske materiale i jord, og redusere nedbrytinga av karbon frå eng på myrjord.

Utslepp

Ved dyrking av myrjord vil ein ved drenering sleppe til luft i jorda. Om ein tilfører kalk og gjødsel, kan dette føre til raskare nedbryting av det organiske materialet og gje utslepp av klimagassar, heilt til torvlaget er nedbrote og jorda har blitt omdanna til mineraljord. Gjennomsnittleg karbonmengde i dyrka myrjord er estimert til 70 tonn karbon per dekar, tilsvarande for mineraljord er 15 tonn karbon per dekar. Potensielle karbontap ved omdanning frå myrjord til mineraljord er dermed 55 tonn karbon per dekar. Dette er eit tal som vil variere sterkt.

I andre land med næringsrike myrar, vil mineralisering av nitrogen ta vekk behovet for gjødsel. Det blir derfor ikkje nytta noko særleg med mineralgjødsel. Dette vil tyde på at dei utsleppsfaktorane ein i dag brukar til å rekne ut klimagassutsleppa frå myr i Noreg, ikkje passar til den næringsfattige myra vi har her på Vestlandet. Då utsleppa i stor grad er knytt til gjødslingstidspunkt, og forholda rundt gjødslingstidspunktet blir avgjerande.

Grøfting fungerer ikkje spesielt bra på organisk jord. Då myr har eit dårleg infiltrasjonssystem. Myrjorda har ein stor del av små porar, og heller lite med store porar der vatnet blir drenert. Dette gjer at det er vanskeleg for vatnet å nå ned til grøftene. Til dømes kan ein oppleve at overflata i enga er våt, men vatnet renn ikkje i grøftene. Grev ein seg litt ned i jorda, er det tørt. Her blir det viktig å få vekk vatnet på overflata, for å unngå å vere avhengig av at vatnet skal kunne drenerast.

Her er det to derfor ting som gjeld:

  • Profilering; fall på arealet er viktig for at vatnet skal kunne renne av.
  • Avskjeringsgrøfter. Ofte får ein mykje vatn inn på eit jordbruksareal frå område rundt, dette må forhindrast.

Omgraving av myr

Eit tredje alternativ er omgraving av myr. Her blir eigna mineralmasse lagt som eit topplag over myrjorda i eit skråstilt lag, der vatnet kan drenere frå overflata til undergrunnen. Dette kan vere tilkøyrde massar eller massar som ligg under myra. Ein vil då oppnå ei meir beresterk jord. Kostnaden med dette vil variere, frå 10 000 til 30 000 kr per daa, alt avhengig av kor djup myra er.

Ein faktor som kan vere verdt å merke seg ved dyrking av myrjord, er at metanutsleppa frå jorda vil bli sterkt redusert, på grunn av drenering og betre lufttilgang. Dette vil ikkje inngå i klimagassrekneskapet, då metanutslepp frå udyrka myr blir rekna som naturlege utslepp.

  • · Positive eigenskapar: Myrjord har meir plantetilgjengeleg vatn, og kan gje ein fordel i tørre år.
  • · Negative eigenskapar: Kan vere utfordrande i våte år. Ein bør ikkje legge opp til intensiv produksjon på myrjord; passar best i eit toslåttssystem. Sett i eit klimaperspektiv er ikkje myrjorda godt eigna til produksjon av grønsaker. Då grønsakproduksjon krev meir pløying og ein utarmar jorda raskare. Myrjorda er kanskje lite eigna for økologisk produksjon. Lågt næringsinnhald i jorda i kombinasjon med lite gjødsling, gir vanskelege vekstforhold og dårlege forhold for kløver.

Her kan du høyre podkasten om vestlandsmyra