Ved befaring på slikt areal ser vi også mye finsand som har festa seg til kornplanta. Særleg ille er dette der vatnet har hatt låg fart, for da har slam og sandpartiklane vorte sedimenter i stor grad. Der kornet har lagt seg har det vorte mye groing og denne legda er ikkje treskbar. Mange stader ser ein og groing i aks i ståande åker. Dette gjeld sjølv i 2-rads bygg fordi frøkvila vart broten medan kornet sto under vatn. Nå som det har vore tørt ver, ser ein at groane tørkar inn. Sjå bilde under.

Flomkorn
Bilde 1. Groane som var grøne, gulnar etter tørke.

I tillegg finn ein og noe fusarium, men førebels ikkje problem med DON.

Ut i frå skadane på kornet som er nemnt ovanfor kan ein ikkje rekne med at korn utsatt for flom blir akseptert som salgsvare.

Kornflom
Bilde 2. Typisk flomramma åker med legde og groing.

Kva skal ein gjere med slik åker?

Plantemassa må fjernast eller kuttast, slik at pløying eller anna jordarbeiding blir mogleg.

På grunn av liten og dårleg grasavling, først etter tørke på forsommaren og sidan så blautt at hausting mange stader har vore umogleg, er situasjonen slik at avlinga bør reddast, ikkje til fôr, men det er stor etterspurnad etter strøhalm til kjøtt-produksjon der dyra går på talle.

Der det ikkje er mye jord og slam på halmen, vil den kunne brukast til strø. Det er viktig at kornmassa er tørr ved hausting. Da vil mye sand og slam bli rista av og ein unngår mugg.

Til hausting må det nyttast slåmaskin. Det vil vere for dyrt å kjøre med treskar. Praktisk erfaring seier at det vil vere fordel å nytte slåmaskin utan stengelknekkar. Med knekkar blir det hard handtering som fører til at halmen kuttast opp og blir svært kort.

Fingerslåmaskin eller med dobbelkniv gir skånsam handtering, men slik reiskap er det ikkje mange att av.

Etter slåing må kornmassa rakast saman i streng før innsamling. I tørt ver vil da meire sand og slam ristast av.

Mest praktisk for innsamling vil vere rundballe-presse. Dersom alt arbeid blir gjort i tørt vèr, vil det vere att lite sand på stråmasa ved pressing. Risiko for stor slitasje på kjeder i pressa vil da vere liten.

Viss ikkje korn- og halm-massa skal bergast, må ho likevel fjernast eller kuttast. Til kutting kan brukast effektiv halmkuttar.

Ved innarbeiding av plantemassa i jorda, må ein ta hensyn til dette ved planlegging av neste års gjødsling.

De som vil forsøke å berge flomutsatt halm til strø, må sjølv gjere vurdering av eventuell risiko.