Hovudårsak til gulning er nitrogenmangel eller dårleg næringsopptak som følgje av akutt oksygenmangel etter mye nedbør. Om det er ein direkte følgje av at nitrogen er borte frå rotsona på grunn av nedvasking eller denitrifikasjon (tapt til lufta) er vanskeleg å fastslå.

Nedbørsfordeling

Det er også i år relativt stor variasjon i Trøndelag. I tabellen nedanfor er det satt opp samla nedbør frå 1. juni til 4. juli og for perioden 20. juni til 4. juli for målestasjonane som ligg på www. VIPS-landbruk.no

Sum nedbør _________1/6 - 4/7_________ 20/6 - 4/7

Frosta___________________119 ________________35

Kvithamar______________ 119_________________65

Meldal_________________ 121_________________51

Mære__________________150__________________63

Rissa___________________115__________________70

Skjetlein________________95___________________48

Skogmo_______________173___________________82


Oversikten viser at det er stor variasjon. Det er derfor klokt å ha egne observasjonar i tillegg til dei offisielle målestasjonane.

Såtid

Basert på observasjonar i Stjørdalsområdet, er det åkrar med såtid litt inn i mai som slit mest..

Tiltak

Basert på erfaringar med tilleggsgjødsling i 2015, fekk ein stor effekt av til dels sein gjødsling i bygg med lang veksttid. Det var særleg i Fairytale, Marigold og Edel en fekk stort effekt, sjølv om ettergjødslinga var gjort like før full skyting. ( Det var også bra effekt i Tyra og Iver).

Ein kvar må vurdere frå åker til åker, men dersom det er eit lysegrønt preg på ein elles relativt frodig åker, trur eg det er god butikk å hive seg rundt og kjøre på litt ekstra nitrogen. Helst i form av Kalksalpeter. Men dersom ein har Opti NS 27-0-0-4 eller tilsvarande på gården, ville eg ha bruka det så snart det er kjørbart.

Tilrådd mengde: 10 – 12 kg Opti NS 27-0-0-4/daa så snart som råd

20 kg Kalksalpeter/daa så snart som råd