Godvêret ser ikkje ut til å gi seg med det aller første, det blir berre lokale byger om langtidsvarselet slår inn. Det er derfor ikkje utsikter til «betre» vêr for kornet med det aller første, sjølv om temperaturen ikkje blir fullt så høg.

Det store spørsmålet er derfor om vi skal ugrassprøyte eller ikkje på planta som etter kvart blir prega av tørken. Skal vi sprøyte no eller vente?

Reint generelt trur vi at det er beste å sprøyte no, dersom det er ugras å sprøyte på. Har ikkje ugraset spirt, kan ein vente å sjå utviklinga. I tynn åker er det ekstra viktig å bekjempe ugraset, på grunn av dårlegare konkurranseevne til kornet.

Temperatur

Dei fleste middel har best effekt mellom 15 – 20 °C, og i mange år har ein no hatt utfordringar med for låg temperatur til å få fullgod effekt av noen middel. I år er situasjonen heilt motsett, på dei varmaste dagane er temperaturen for høg. Den generelle tilrådinga er å ikkje sprøyte ved høgare temperatur enn 22-23 °C.

Det er fleire årsakar til å unngå for høge temperaturar. Noen middel (Flurostar 200, Tomahawk 200, Starane XL, Cleave, Ariane S, Pixxaro ) inneheld alle fluroksypyr, som i gassform fører til at åkeren flater heilt ut. Noe ein har sett når det blir sprøyta ved for høg temperatur.

I tillegg auker fordampinga, og dei finaste dråpene i sprøytevæska fordampar før dei treffer planta. Det gir redusert effekt og auka avdrift til miljøet.

Luftfuktigheit

Ved sida av temperatur, er det viktig å ha god luftfuktigheit ved sprøyting. Det generelle rådet er å unngå sprøyting når luftfuktigheita kjem under 60 % . Om ein ikkje har eget måleutstyr, ligg det data for luftfukt på alle målestasjonar i www.VIPS-landbruk.no.

Basert på målestasjonen på Kvithamar i Stjørdal, har det på solrike dagar berre vore luftfukt over 60 % fram til i ti-tida på føremiddagen.

Sprøytevêr

Kort oppsummert er derfor den generelle tilrådinga å sprøyte på morgonfriske planter frå fem-sekstida om morgonen og fram til i ti-tida. Etterpå blir det for tørt og varm.

Sein kveldssprøyting er ei dårlegare løysing. Da blir det sprøyting på fallande temperatur og noen dagar først etter 10-11 på kvelden før lufta er fuktig nok.

Dyser, trykk og vassmengde

Best resultat i varmt ver får ein ved å auke vassmengda noe i kombinasjon med større dråper. Det betyr lågare trykk enn vanleg og å kjøyre litt saktare, om ein ikkje skifter til meir egna dyser. Konkret betyr det 15-20 l vatn pr. daa og 1,5 -2,0 bar trykk.

Klebemiddel

I tørt vêr er det ekstra viktig å bruke tilrådd klebemiddel. Bruk heller i overkant enn for lite.

Middelvalg

Sjølv om det er tørt, kan ein i prinsippet bruke nesten alle ugrasmiddel, om rotutviklinga er god og planta ikkje viser tydlege symptom på tørkestress. Det einaste middelet som heilt klart ikkje har noe for seg er Hussar Tandem. Når jordoverflata er så tørr som no, får ein ingen effekt av DFF-delen i Hussar Tandem. Innkjøpt vare står seg til neste år.

Når det gjeld Hussar OD og Hussar OD Pluss vil rett bruk gi bra effekt på tunrapp. Vi trur at inntil 5 ml/daa Hussar OD og inntil 10 ml Hussar Pluss OD pr. dekar kan brukast så lenge rotutviklinga er god og åkeren ikkje er tydeleg tørkestressa.

Mikronæring

På areal kor ein har behov for mikronæring (sink, mangan og andre) har ein ikkje fått synlege negative utslag, når det blir bruka nok vatn og sprøyta tidleg om morgonen eller i overskya vêr ved høg nok luftfukt.

Stråkorting

Så lenge tørken vara ved, er det all grunn til å vente med alle vekstregulerande middel. Det som vil gi størst negativ effekt er CCC-middel i vårkveite. Trur vi har greidd opptil fleire hundre kg avlingsreduksjon i forsøk.

CCC i havre er heller ikkje smart og det ligg an til å bli ein dårleg sesong for Moddus Start i bygg.

Vent på regn og utnytt effekten av sein vekstregulering med Cerone, Trimaxx , Moddus M og Medax Max

Ugrasmiddeldose

Både ugras og kornplante får stadig tjukkare vokslag i dagane som kjem. Noe som gjer at kornplanta tåler høgare dose i takt med at dosen må aukast for å knekke ugraset. Etter kvart som tørken gjer seg stadig meir gjeldande er det på generelt grunnlag ikkje tilrådd å gå under ¾ dose.

Bruk VIPS

Ved å velje problemløysing, legge inn opplysningar om kulturen og omtrentleg mengde av ulike ugrasartar pr. m² og utviklingstrinn på ugras og åker, får du forslag til val av ugrasmiddel i din åker.

  • Kryss av for begynnande tørkestress eller betydeleg tørkestress og sjå effekten. Det gir klare råd om val av middel og dose.

Vekstproblem

Etter kvart som planta skal ta næringa frå jorda, vil det komme fram vekstproblem av ulike årsakar. Så langt har ein sett tydlege symptom på dårleg kaliumforsyning, ofte etter ompløgd eng eller sandryggar. Da får ein gulkvite bladspissar og avbleiking av øvre del på det første bladet. Som regel kjem mangelen bort av seg sjølv. Beste tiltak er vatn. Berre nødvendig med særskilde tiltak om mangelen kjem til syne på yngre (nye) blad.

Litt varierande jordfukt ved såing, kan også gi flekkar med litt dårleg oksygenforsyning. Da er det gunstig med lite nedbør i ei stund etterpå. Det første bladet får da ein litt djup gulfarge og nye blad er som regel grøne og fine.

Låg pH (surjordsskade)

Ved misstanke om dårleg vekst i bygg på grunn av låg pH, er lettast å styrke misstanken ved å sjekke rotutviklinga. I år er den generelle rotutviklinga veldig god og kvite fine røter er på full fart nedover i jorda på leiting etter vatn og næring.

Liknar rota ein klump og ligg like under kornet, er det eit dårleg teikn. Er rota i tillegg brunfarga og har små klumpar i rotspissen er saka temmeleg grei. Da er det for låg pH i jorda. Tiltaket er kalk.

Sink og manganmangel

På areal med høg pH er det risiko for sink og manganmangel. Denne risikoen blir ikkje mindre når det er tørt. Tiltak er bladgjødsling ved ugrassprøyting og når planta nærmar seg skyting. Gramitrel kan brukast ved svak mangel. Ved misstanke om risiko for sterk mangel har Yara og Lebosol spesialmiddel med god effekt. FK Agri skal ha frå begge leverandørar, andre har kanskje berre frå ein av dei.