Ein eldre mjølkefjøs, utan tilsynelatande verdi, kan bli bygt om til ein moderne ammekufjøs. Med stor eigeninnsats og støtte frå Innovasjon Norge treng ikkje eit slikt prosjekt «koste skjorta».

Hausten 2021 vart Valentina og Mads Håvard Bygstad i Bygstad (Sunnfjord kommune) ammekubønder i ombygd mjølkefjøs frå 1983. I dag, 2 år etter, er den lettstelte fjøsen med 18 liggebåsar full. Paret er svært nøgde med å vere ammekubønder attåt fullt arbeid utanom garden. Prosjektet starta hausten 2019 då familien tok kontakt med oss i NLR. Dei fekk hjelp til å avklare økonomi og byggfaglege tema. Fleire i bygda hadde satsa på ammekyr i åra før, så Mads Håvard fekk inspirasjon frå det gode miljøet lokalt.

Veleigna fjøs for ombygging

Byggplanlegginga startar alltid med at byggplanleggar besøkjer kunden og gjer ei vurdering av tilstanden på bygget. Sentrale spørsmål som vert diskutert kan vere om det mogeleg å nytte bygget i 20-30 år til. Er gjødsellageret/betongkvaliteten god nok, skal ein ta vekk betongplata og legge inn betongspalt eller skal ein legg inn skrape på plata med betongspalt over? Dette og mange andre moment vert vurdert i tidleg fase i planlegginga.

Fjøsen til Mads Håvard var svært veleigna til ombygging og vidare drift med storfe. Den vart oppført i 1983, og i drift som mjølkefjøs til 2001. Husdyrrommet er 19 m langt og 9,9 m breitt, det er ein romsleg fôrsentral i forlenginga av fôrbrettet med to betongsiloar. Betongdragarane ligg på tvers med avstand 3,60 m. Oppå desse låg betongelement. Ved ei ombygging ville det såleis ikkje bli mykje betongsaging; betongelementa kunne løftast vekk etter at påstøypen (båsar, gjødselrenne m.m.) var fjerna. Byggplanlegging i detalj kunne dermed starte: Planskisser vart diskutert med mål om å lage ein lettstelt fjøs som kunne hyse så mange mordyr som mogeleg, sidan dette var viktig for økonomien i prosjektet. Til slutt vart det laga ein kostnadskalkyle for ombygginga.

Byggefase

Etter at Innovasjon Norge løyvde midlar til prosjektet vinteren 2020, vart arbeidet starta opp. Planen var å gjere det meste sjølv attåt 100 % anna arbeid. Då er det greitt at regelverket til Innovasjon Norge gir høve til å fordele arbeidet over maksimalt 4 år. Utstyr for betongsaging og ei 1-tonns gravemaskin vart leigd hos eit firma i Førde. Mykje vart gjort i 2020 og 2021, og siste del vart utført før innsett hausten 2023.

Prosjektkostnad og finansiering

Mads Håvard er sveisar/platearbeidar av yrke, og gjorde det meste av arbeidet sjølv. Han hadde med seg ein annan handverkar på timebasis til ein del mindre ting. Prosjektet vart søkt støtte til hos Innovasjon Norge hausten 2019 med ei samla kalkyle på 1,15 mill. kroner. Ny fôrutleggar vart droppa til fordel for ein brukt, så sluttrekneskapen viser ein kostnad på 950 000 kr.

Ombygginga vart finansiert med 225 000 kr i støtte frå Innovasjon Norge, nesten 800 timar eigeninnsats over 3 år til ein verdi av 290 000 kr og eigenfinansiering og lån på 435 000 kr. Mads Håvar er godt nøgd med dialogen med Innovasjon Norge undervegs i prosjektet.

Mads Havard Bygstad 2023 A
Sjølvgjort er velgjort: Mads Håvard er sveisar av yrke og laga denne hjulgåande traversen sjølv. Den var veldig nyttig i arbeidet med å fjerne betongelement og legge inn betongspalt.

Arealressursar og driftsopplegg

Ammekyr (og sau) er dei to husdyrproduksjonane med svakast lønsemd målt som godtgjersle pr. årsverk til arbeid og eigenkapital. Difor er det viktig at ressurstilgangen i form av slåttemark og beite er god, slik at fôrkostnadane vert så låge som mogeleg.

Mads Håvard haustar gras på 120 daa eng og har knappe 70 daa innmarksbeite. Dette gir rikeleg vinterfôr til 15 kyr og 3 kviger. Innmarksbeitet er knapt, iallfall dersom dei skulle velje kalvingstidspunkt i mars-april og paring på innmarksbeite i 7-8 veker. Driftsopplegget går seg til litt etter litt, men målet er å ha kalving i januar-februar slik at oksen gjer jobben innomhus. Då bør kyrne vere drektige ved beiteslepp. Dette gir høve til å sende kyrne tidleg til fjells (midt i juni) og dermed er ikkje innmarksbeite ein avgrensande faktor i drifta.

Oksekalvane vert selde som livkalv i juni medan kvigekalvane vert sende til fjells med kyrne. I månadsskifte august-september er det sanking og kalvane vert skilde i frå kyrne. Deretter vert kyrne sende i utmarka att til tidleg i okt. Avrekninga frå Nortura juni 2023 viser at dei 4,5 månad gamle livkalvane vog frå 220 til 250 kg.

Virtuelt gjerde i 2023

Mads Håvard har teke i bruk Nofence i 2023. Det er han svært godt nøgd med. Utmarksarealet han nyttar er 2-3 km2. Dyra let seg lett styre, og han kan flytte dyra til nye område eller ta dei vekk frå område han ikkje vil at dei skal gå på. Utan gode utmarksbeite og Nofence hadde dette prosjektet ikkje vore mogeleg å realisere.

Val av ammekurase

I dag er det ei god blanding av Tiroler Grauvieh, Charolais, Hereford og Angus i fjøsen. Planen er å satse på ein lett rase/beiterase, og mest truleg vert det Tiroler Grauvieh.

Lønsemd

Ein vert ikkje rik av å drive med 15-20 ammekyr. Det interessante med dette prosjektet er at dei direkte utlegga med å få fjøsen klar til bruk er låge. Lang beiteperiode og nøktern drift/låge faste kostnader er heilt avgjerande for driftsresultatet.

Trivsel

Heile familien er engasjerte i gardsdrifta og dyrehaldet. Mads Håvard tek seg av ammekyrne medan kona og ungane brukar mest tid i fôrsentralen der hønene og nokre sauer held til. Når det kalvar i fjøsen er alle engasjerte med det. Valentina og Mads Håvard er samstemte i at fjøsprosjektet og oppstart med storfe har gitt auka trivsel for familien.

Mads Havard Bygstad D
Maria og mor Valentina er ofte med i fjøsen og steller med hønene.
Mads Havard Bygstad C
Etter ombygginga: Ammekyrne har det fint i den lettstelte fjøsen. Kyrne kan fikserast i frontane og alle har tilgang til ein liggebås. Kalvegøyme er plassert langs yttervegg ved liggebåsane.
Mads Havard Bygstad B
Eige fôrbrett til kalvane er viktig påpeikar Mads Håvard. Kalve- og sjukebinge til høgre.