Utsjånad

Ein vaksen vassarveplante har snau liggjande stengel som seinare er oppstigande til opprett. Planten blir 20-60 cm høg med motsette, spist eggforma glatte blad.

Blomstrane er små, kvite, med 5 beger- og 5 kronblad. Rota er tynn og fingreina. Små frøplantar har langstilka, ovale-elliptiske frøblad.

Ill1 vassarve
Blomstrane er små og kvite.

Levevis

Vintereittårig plante som trivst best i fuktig klima, særleg på vassjuk jord og i halvskugge.

Formeirar og spreier seg både med frø og rotslåande stenglar, men den vegetative spreiinga krev jamn og rikeleg fukt i jordoverflata. Blomstring og frøsetjing heile året når det ikkje er frost.

Kvar plante dannar rundt 15 000 frø, som spirer ved låg temperatur frå grunn djupne (maks. 3 cm).

Vassarve førekjem på all slags dyrka og udyrka jord i alle kulturar.

Vassarve i eng
Vassarve i eng. Foto: Lena Abel

Tiltak mot vassarve

Ved gode veksttilhøve er vassarve vanskeleg å bekjempe. Ein stor frøbank i jorda krev fleire tiltak over lengre tid for å halde bestanden under kontroll.

  • Unngå jordpakking og køyreskadar og legg vekt på systematisk grøfting og god drenering (førebyggande tiltak).
  • Bruk dekkvekst i attlegg. Korn og evt. erter og vikker spirer raskt og gjev kraftige spirer som veks fort og skygger ut mykje av ugraset.
  • Om det kjem opp mykje frøugras i attlegget så puss over. Det vil seie å slå av ugraset før det får satt frø. (NB: Kan ha liten verknad mot låge og krypande artar som vassarve.)
  • Å hindre frøspreiing er avgjerande, og slått før plantane får sett frø kan vere eit viktig tiltak.
  • Vassarve er konkurransesvak og ei tett eng vil gjere det vanskelegare for vassarven å etablere seg.
  • Det er aktuelt å bruke sortar og artar i grasfrøblandinga som har rask gjenvekst, f.eks. raigras (i ytre strøk).
  • Breisåing eller kryss-såing i attlegget kan også ha ein positiv verknad.
  • Unngå hard haustbeiting og beiting av gjenlegg og 1. årseng. Frøa spirer lett i sår og skade på grastorva etter køyring og beitetrakk. Planlegg beitinga og juster beitetida! Ein god stubb på minst 10 cm bør stå igjen etter beiting. (Hjortebeiting kan vere eit stort problem, og det er ofte vanskeleg å gjere noko med det).
  • God stubbehøgde ved siste slått for best mogleg overvintring av graset.

Falskt såbed:

Lag klart eit såbed, men vent med såinga slik at vassarve og anna ugras spirer. Harv grunt over når ugraset er på frøbladstadiet eller trådstadiet og så like etterpå. Det er viktig å vere tidleg ute med harvinga slik at det oppspirte ugraset ikkje har fått laga varige blad og røter som tåler harvinga.

Litteraturliste: