Kva er ”ugras"?

I eng og beite er grensene mellom nytteplantar og ”ugras” meir flytande enn i åker. Eigenskapane hjå kvar art er avgjerande. Gode eng- og beiteplantar skal gi høg avling med god kvalitet og smak, og dei bør tole mange haustingar.

Eigenskapar hos vanlege ugras er vist i tabellen under:

Låg avling

Tunrapp, knereverumpe, krypsoleie, løvetann, marikåpe

Låg energikonsentrasjon

Høymole, skogstorkenebb

Vraka på beite

Sølvbunke, engsoleie, stornesle, tistel, høymole, knappsiv og lyssiv

Usmak på høy og surfôr

Balderbrå, krypsoleie, høymole

Inneheld giftstoff

Engsoleie, myrsnelle, dikesvineblom, landøyda, rome

Skadar slimhinner

Sølvbunke

Påverkar mjølkekvalitet

Balderbrå (lukt, smak), småsyre (smak, surning), krypsoleie

(smak, farge), ryllik (smak), engsyre (vanskeleggjer smørlaging)

Høgt innhald av vatn

Løvetann, krypsoleie, ryllik

Det er neppe mogleg eller lønsamt å utrydde alt ugras i eng og beite. Små mengder gir sjeldan påviseleg skade. Kanskje kan eit lite innslag verke som krydder i kosten? Uheldige verknader oppstår når innhaldet kjem over ein viss "skadeterskel". Kor mykje ugras kan tolast? Forslaga nedanfor vert rekna som grovt rettleiande:

  • Giftige plantar: 0 %
  • Plantar som blir vraka: 0–5 %
  • Andre ugras: 10–25 %
Hoymolebilete
Høymole er ei vanleg utfordring både i ung og eldre eng. Ho har kraftig vekst og stor frøproduksjon, men fôrverdien er låg.

Førebyggjande tiltak

Desse omfattar grøfting, kalking, unngå køyreskadar på jord eller plantar, unngå for tidleg førsteslått eller for mange slåttar, og hindre spreiing frå kantar, gjennom husdyrgjødsel eller ved såfrø. Plantesetnaden kan gi inntrykk av tilstanden når det gjeld jord og plantekultur. Vassarve, knereverumpe, siv-artar og sølvbunke kan tyde på våt jord. Tunrapp er mest synleg på pakka jord, og der ein slår enga tidleg og ofte med låg stubbehøgde. På sur og næringsfattig jord vil ofte småsyre og engmose bli talrike. Førebygging vil ikkje vere nok til å halde alle ugras borte, men ein vil sjeldnare måtte ty til andre rådgjerder.

Mekaniske tiltak

Beite på dyrka jord bør pussast eller haustast ein gong kvar sesong. Dette hemmar formeiringa av ugras som blir vraka. Kvaliteten på gjenveksten av kulturgrasa blir også betre. Det er skilnad mellom storfe, hest, sau og geit når det gjeld val av beiteplantar. Veksling mellom ulike dyreslag kan gjere det enklare å halde beita frie for visse artar ugras.

Handluking, ljå eller ryddesag kan nyttast for å hindre frø-formeiring frå spreidde førekomstar av ugras. Dette gjeld også langs kantar. Særleg viktig er det å unngå at giftige ugras får fotfeste.

Kjemiske tiltak

Vellukka sprøyting i attlegget mot eittårige og fleirårige ugras vil normalt halde enga rein dei første tre til fire åra. I attleggsåret er frøspirte fleirårige ugras små og svake; sprøyting i attleggsåret krev lågare forbruk av ugrasmiddel enn sprøyting i engåra.

I engåra vil sprøyting på plantar med store bladkransar like før stengelstrekking og blomstring gje best resultat. Plantane bør vere i rask vekst. Overskya, varmt, fuktig vêr veka før sprøyting betrar opptaket av ugrasmiddel gjennom bladoverflata. Høg luftråme under sprøyting aukar også opptak i blad. Under slike forhold kan ein oppnå god verknad med lågaste tilrådde mengde middel. Unngå regn kort tid etter sprøyting.

I dei fleste tilfelle har sprøyting på forsommaren gitt betre verknad mot ugras enn sprøyting i håa. Skilnaden er likevel ikkje stor. Sprøyting i september gir også ofte tilfredsstillande resultat, til dømes mot høymole. Når det gjeld «lågdosemiddel», til dømes Gratil og Harmony, blir det tilrådd å sprøyte i håslåtten eller i september. Sprøyting tidlegare i sesongen kan gi stor veksthemming.

Ugras og grovfôrøkonomi

Fleirårige ugras i eng vil ofte påverke avlingsnivå, avlingskvalitet og omløpstid. Ugras i eng aukar kostnadane i grovfôrdyrkinga sidan avlingsmengda vert redusert og dyrkingskostnaden aukar.

Avlingsnivået er oftast høgare i ung eng enn i gammal eng. Eng i 5-7 års omløp bør ha eit gjennomsnittleg avlingsnivå som er 20-30 % høgare enn i eldre eng. Fornying kvart 4. år vil krevje ein endå større årleg avlingsauke for at fôreiningskostnaden ikkje skal stige.

Dersom ein ikkje klarer å halde ugrasmengda under kontroll etter fornyinga, kan avlingsnivået falle raskt og lønsemda i å fornye enga minkar. Alder åleine er difor ikkje eit godt mål for når det løner seg å fornye enga. Plantesetnaden og avlingsnivået i enga bør vere styrande for om ein skal fornye eller ikkje.

Arts- og sortsval

Korleis kan ein unngå rask nedgang i avling og kvalitet i åra etter fornying? Artar og sortar tilpassa veksestad og driftsmåte/tal slåttar er viktig. Vellukka ugraskamp i attleggsåret er ein føresetnad. Ver særleg på vakt mot ugras som er giftige, som blir vraka eller som har låg fôrverdi. Skadeleg jordpakking og køyreskade må førebyggast best mogleg. Tidleg hausting, mange haustingar og låg stubbing kan svekke verdfulle kulturplantar og gi rom for lågtytande ugras.