Høymole i eng og beite er eit stort problem over heile landet. Både kvaliteten og mengda av avlinga er redusert på areal med høymole. Førebyggande tiltak som bl.a. vekstskifte, god drenering, val av tilpassa artar og sortar, gjødslings- og kalkingsplan basert på jordprøver og målretta beiting, bidreg noko til å halde bestanden i sjakk.

Mekanisk bekjemping - fleire tiltak må til

Å halde høymolebestanden i eng og beite på eit minimum, krev kontinuerleg arbeid over fleire år. Fokus på betre jordstruktur og kompleks jordbiologi fører til betre vassinfiltrasjon, meir lageleg jord og redusert ugrasvekst.

Det er viktig å hindre oppformeiring av frø, og å slå plantane FØR frøsetjinga – også langs kantar! Frøa overlever mange tiår i jorda. Dersom høymola ikkje har teke fullstendig over i enga, eller på beite, kan ein luke plantar like etter stengelstrekking. Fjern i det minste dei øvste 5 cm av rota som kan setje nye skot.

Kutt eller jordarbeid høymola på «stort rosettstadium», planten er då svakast. Djup pløying (til 24 cm djupne) har vist seg å redusere tal høymoleplantar som overlevde jordarbeidinga, samanlikna med grunn pløying (ca. 16 cm). Kvaliteten på pløyinga og god innstilling av plogen er avgjerande for det beste resultatet. Fresing utan andre tiltak, dvs. oppkutting av pålerota i småbitar, medfører risiko for at fleire plantar spirer frå rotbitar. Hugs: Høymola, likeins med kveka, spirer ikkje berre frå frø, men også frå rotbitar!

Hoymole eng
Hoymole på rosettstadiet. Planten er svakast, og dette er det beste tidspunktet for jordarbeiding.

Rett tidspunkt for rask etablering av ny eng, val av sortar og artar og bruk av dekkvekst må ein tilpasse dei lokale forholda. Ta kontakt med rådgjevaren din for å diskutere moglege tiltak.

Les meir om kjemisk beskjemping av høymole her.