Litt om vêr og vekst

Strålande aprilvêr gjorde at potetsetting og vekst gjekk som ein drøm. Men så kom mai med nordavind og regn. Dermed vart det bråstopp. Låge temperaturar og innimellom nattefrost, det vart rett i fryseboksen fram til 17. mai. Etterpå har vi hatt bra vokstervêr. Fekk avslutta potetsettinga til rett tid og no står poteten på rekke i rada. Ein god start er alltid gunstig.

På Frosta er ein så smått i gang med tidlegpotetopptakinga. Så langt er det berre mindre areal som er tatt opp. Men signala er gode. Avlinga av Solist er god og kvaliteten bra. Det er heller ikkje lenge til at Rutt er klar for levering.

Jamt med nedbør har så langt ikkje gitt vatningsbehov. Det er god jordfukt, noe som lover godt både for ei rik knollsetting og redusert risiko for flatskurv i lagringspoteten.

Gjødsling og N-tap

Noen rakk setting av mat- og fabrikkpotet i april. Ved å bruke Nitrogenkalkulatoren i VIPS (www.vips-landbruk.no), får ein raskt ein indikasjon på korleis stoda er. Med setting i veke 18 og ei grunngjødsling på 70 kg 12-4-18, viser kalkulatoren at det på Frosta går mot manko i veke 26, dvs. til veka. Dette samsvarar utruleg bra med gamle tommelfingerreglar som tilrådde delgjødslinga siste veka i juni og hypping like etter. Totalt er det kalkulert med eit N-tap på 3,5 kg N på sandjord. Med sikte på ei bruttoavling på 4000 kg pr. dekar, må delgjødsling og tilleggsgjødsling vera på 6-7 kg N pr. dekar. Dette kan delast i to med 3-4 kg N som FG 12-4-18 og dei siste 3 kg som Opti NS (27-0-0-4) om eit par veker.

Ved setting omkring 8-9. mai med dei same føresetnadene, viser N-kalkulatoren at det på sandjord, er tapt vel eit kg meire. Men på grunn av litt seinare utvikling av poteten, blir det mangel først mot slutten av veke 27. Første delgjødsling må da ut seinast først i veka for å vera sikker på at det ikkje blir stopp. Totalt bør ein da bruke eit kg nitrogen meir for å dekke næringsbehovet til ei avling på 4000 kg.

For dei som ønsker å lage eigne utrekningar, er det bruka standard mineralisering på 3 kg N.

Ved siste settetid, omkring 20. mai, viser ei tilsvarande utrekning at det på sandjord kan vera eit N-tap opp mot 5 kg N/daa. På silt og lettleire viser utrekninga eit tap på 2-3 kg N, når grunngjødslinga er 70 kg 12-4-18 og forventa N-mineralisering er 3 kg N pr. dekar.

På generelt grunnlag er det derfor grunn til å tilråd eit tillegg på 2-5 kg N pr. dekar i tillegg til planlagt delgjødsling. Størst tap er det ved sein setting. Både til fabrikk- og matpotet er det viktig å gi minst halvparten av N-behovet som Fullgjødsel 12-4-18, for i tillegg til nitrogen er det også tapt kalium.

Kveke

Nytt av året er at ein gammal kjenning, Agil, har gått ut av sortimentet til Felleskjøpet, men har gjenoppstått i ny drakt. Det nye namnet er Zetrola, og midlet er identisk med Agil. I dei tidlegaste åkrane har kveka blitt stor nok til å få god verknad, medan det framleis bør gå litt tid før sprøyting. Kveka skal ha 4-5 blad for å få best muleg effekt.

Titus skal brukast når kveka har 3-4 blad, men effekten er klart dårlegare enn for spesialmidla Fokus Ultra og Zetrola. Mye kveke = velg eit anna middel enn Titus. I tillegg til effekt kan behandlingsfrist vera med på å avgjere middelval. Fokus Ultra har 6 veker og Zetrola 8 veker behandlingsfrist.

Ugraspotet i kornåker

Det kjem stadig tilbakemeldingar om at det er oppdaga frisk og rask potet på areal kor avlinga vart nedpløgd siste haust. Potet som ugrasproblem er vanskeleg å handtere. Om nødvendig kan ein sprøyte ein gong til mot potet som ugras før skyting av kornet.

Da er den beste løysinga å blande Starane XL og Flurostar. I langt komme åker bør ein unngå for stor belastning på kornet. Tilrådinga er derfor ei blanding med inntil 80 ml Starane XL + opp mot 60 ml Flurostar. Kor grensa går for muleg avlingsreduksjon i korn, er det ingen som heilt sikkert veit.

Tørråte

Fram til no er det ikkje funne spor av tørråte eller komme meldingar frå noen produsent om misstenkelege flekkar. Ein har derfor god tru på at risikoen framleis er liten. Basert på negativprognosen, er det for Frosta framleis noen dagar til at tidlegpotet utan duk og tidleg satt lagringspotet kjem opp mot risikogrensa på 150.

For Kvithamar (Stjørdal) er det større klaring enn på Frosta, Mære og Skjetlein er begge knapt halvvegs til risikoverdien på 150.

Dukpotet og tørråte

I noen områder er det mye potet som ein periode var under duk. Duk gir generelt høgare temperatur og ofte noe fuktigare luft. Dessverre er det ikkje gjort systematiske observasjonar som kan gi grunnlag for ei sikker vurdering. Men første del av sesongen var tørr og fin. Etterpå kom polarkulda, den vara nesten til 17. mai.

I figuren nedanfor er Negativprognosen for Frosta gjengitt (www.vips-landbruk.no) frå start til no. Den viser at det er i perioden frå 4. til 10. juni vi hatt det gunstigaste tørråtevêret. Mye duk vart fjerna i første del av juni. Sjølv om duken kanskje ga litt risikotillegg fram til 10. juni, trur ein ikkje at dukkpotet vil gi store overraskingar i år.

Toerraatefigur
Figur 1. Negativprognosemodell for Frosta.

Settepotetsmitte

I utgangspunktet er det lite tørråtesmitte i settepoteten. Saman med at dei aller fleste har gjort minst ei førebyggande tørråtebehandling i dukpotet ( ved avtak), skal det vera god kontroll. Så lenge det ikkje blir gjort funn, er det derfor liten risiko for tørråteangrep.

Om det noen som ikkje har gjennomført ei førebyggande bekjemping på areal kor det har vore duk, bør det gjerast så snart det er muleg. I andre områder enn Frosta, Levanger og Stjørdal, kor det har vore større eller mindre areal under duk, er det god klaring til sprøytestart.

I områder med dukpotet er det viktig å følgje med utviklinga av negativprognosen på www.vips-landbruk.no. Det kan bli sprøytestart tidlegare enn vanleg.