I feltforsøk me utførte i fjor, gav kantspreiing ei avlingsauke verdt opptil 370 kroner brutto per dekar kant, om ein tek utgangspunkt i verdi per fôreining på 2,70 kroner.

Riktig innstilling og korrekt køyreavstand

Forsøket står meir detaljert beskriven i Forsøksmeldinga 2021, som vart sendt ut til alle medlem for nokre veker sidan. Mineralgjødsel er ei stor utgift, men også ei viktig investering for volum og kvalitet på avling. Mesteparten av mineralgjødsla spreiast med sentrifugalspreiar. Spreiebilete på ein sentrifugalspreiar kjenneteiknast av at det kjem mest gjødsel rett bak traktoren, og mindre ut på sidene. For å få riktig total mengde over heile linja er ein difor avhengig av ein viss overlapp mellom køyredraga. Total spreiebreidde er ofte rundt det dobbelte av arbeidsbreidde. Dersom arbeidsbreidde er 12 meter, kastast gjødsla 12 meter ut til kvar side, altså ei spreiebreidde på 24 meter. Ved å køyre eit spor kvar 12. meter skal ein få eit jamt spreieresultat, jf. figur under. Difor er korrekt innstilling av spreiaren og avstand mellom køyredraga alfa og omega for eit bra spreiebilete.

Kantsoner og kantspreiing

På Sør- og Vestlandet er 20 – 30 % av totalt areal innanfor 6 meter frå jordekanten. I grovfôrprosjekt på Haugalandet berekna rådgjevar Atle Lende i NLR Rogaland nyleg kantsoneareal på en normalarrondert gard med 328 dekar dyrka jord. Han fann ut at det var totalt 16 800 meter kantlinje, tilsvarande 101 dekar kant. Garden hadde dermed 30 % av arealet innanfor dei ytste 6 meterane frå jordekanten.

Ettersom mesteparten av gjødsla ved vanleg spreiing ender opp midt bak spreiaren og mindre ut til sidene, er det vanskeleg å få eit jamt spreiebilete på ytterkanten av jordet. Kantspreiarfunksjonen kjem enten som eit aggregat/sjalusi som senkast hydraulisk ned framom kasteskiva eller ved at utslippspunkt endrast, turtal reduserast, eller rotasjon på spreieskiva nærmast kanten bytar retning. Gjødsla leiast dermed smalare på den eine sida, og spreiast jamnare i kantsona. Med kantspreiing skal ein køyre halv arbeidsbreidde frå kant, eksempelvis 6 meter, dersom arbeidsbreidda er 12 meter. NLR Agder hadde to store ruteforsøk med kantspreiing av mineralgjødsel i eng i 2021. Jordene fekk berre mineralgjødsel. Med køyring 6 meter frå kant med kantspreiaraggregat innstilt på økonomisk kantspreiing fekk me opp til 49 % avlingsauke og ubetydeleg mengde mineralgjødsel utanfor jordekanten, samanlikna med der me køyrte vanleg spreiing 12 meter frå jordekanten. Avlingsauken hadde ein nettoverdi på over 300 kr per dekar. Investering i kantspreiaraggregat kostar opp mot 15 000 kr. Hele investeringa er altså fullstendig betalt på berre eit år på ein gard med berre 50 dekar gras. I forsøka ble det også prøvd vanleg spreiing 6 meter frå jordekanten. Samanlikna med køyring 12 meter frå kant gav det brukbar avling, men 18 % av gjødsla ble spreidd utanfor jordet, og er difor heilt uaktuelt.

Sjå kva mogelegheiter du har

Alle nyare sentrifugalspreiarar har mogelegheit for kantspreiing, enten frå fabrikk eller ettermontert. Sjå i instruksjonsboka for spreiaren om den er utstyrt med kantspreiarfunksjon, eller kontakt forhandlar. Har du spreiar og er usikker på korleis du skal stille den inn riktig, eller om spreiebilete er jamt, kan eg og Jan Karstein hjelpe deg! Me har måleutstyr for eigenskapane til dei ulike gjødselslaga, og målebakkar for å sjekke spreiebilete ute på jordet.

Bilde3