Målet med programmet, fylt av totalt 26 foredrag, er å kombinere tidlaus kunnskap med aktuelle vinklingar. Møtet er fordelt på dagane tysdag 1., torsdag 3., måndag 7. og onsdag 9. februar.

Meld deg på!

– No som økonomien i landbruket blir stadig meir pressa, er det viktigare enn nokon gong å gjere dei rette vala, og gjere ting på rett måte. Verdien av å fylle på med kunnskap går opp i takt med prisauken på innsatsmiddela, seier Sanna Krüger Persson, rådgivar i NLR Trøndelag og leiar for programkomiteen.

Bilde Sanna
Sanna Krüger Persson, leiar for programkomiteen

Fleksibelt digitalt møte over fire dagar

Håpet var å kunne gjennomføre eit fysisk møte, slik NLR gjorde med stor suksess i februar 2020. Uvissa med koronaen har gjort møtet digitalt, på godt og gale.

– Vi mistar den sosiale biten, men har den fordelen at du kan sitte kor som helst for å høyre på foredraga, med null i reisekostnad, reklamerer Lars Gunnar Flatvad. Han er rådgivar i NLR-regionen Landbruk Nordvest.

– Vi har fordelt programmet på fire dagar, for å redusere risikoen for digital møteoverdose. Dessutan køyrer vi same programmet ein gong på dagtid og ein gong på kveldstid, slik at du kan ha ein sjanse til å få dette med deg uansett arbeidssituasjon.

Møtestart alle dagar er klokka 10:00 og 19:00. Møta varer mellom to timar og to timar og 40 minutt, inkludert ein liten beinstrekk undervegs.

Rekruttering er svært viktig, så difor har NLR sterkt rabatterte prisar til skuleelevar, studentar og skuleklassar.

Program

1. februar: Ny teknologi i perspektiv

Programmet med ein helsingstale frå landbruksministeren. Truls Hansen frå NLR snakkar om korleis gammal agronomi og ny teknologi saman gir gode resultat, før Per Frankelius frå Linköping universitet stiller spørsmålet Driver innovasjonen landbruket - eller driver landbruket innovasjonen? Per Frankelius er dosent i føretaksøkonomi, prosessleiar i prosjektet Agtech 2030, og har i ein mannsalder vore nyfiken på ny landbruksteknologi sett i eit større perspektiv.

Lars Gunnar Flatvad og Nere Haugå frå NLR snakkar om erfaringane frå reisene med dekningsbilen kringom i landet, særleg med tanke på tilgangen på korreksjonssignal av god kvalitet. Kjersti Balke Hveem, leiar for Nibio-avdelinga Norsk senter for presisjonslandbruk, informerer om det store og viktige prosjektet Presis, og anna norsk presisjonsforsking. Dagen blir avslutta av NLR-rådgivarane Gunstein Dyrdal og Jogeir Agjeld, som spør seg om når, kor og korleis robotane til utandørs bruk kjem i landbruket. Viss dei kjem, vel å merke.

3. februar: Smart køyring og variert innsats

Reidar Berge er bonde og driv med leigekøyring på Haugalandet lengst nord i Rogaland. Han har ein høgteknologisk maskinpark, noko vi sjeldan ser der teigane er små og kronglete. No deler han erfaringane sine med oss.

Truls Hansen frå NLR tar for seg smarte køyremønster og kva effekt det har på jordpakkinga, før NLRs Julie Wiik snakkar om faste køyrespor, noko som er aktuelt for stadig fleire.

Frå Danmark kjem Jens Peder Pedersen frå Sagro, for å dele kunnskap om variert soppsprøyting og vestregulering. NLR-rådgivar Åsmund Langeland spør kva effekt det har å variere såkornmengda, noko som enkelte bønder har prøvd seg med dei siste åra. Siste post har null jordpakking: Då går vi i lufta med drone, saman med Atilla Haugen i BioDrone.

7. februar: Gjødsel – den nye valutaen

Gjødselprisane går beint opp – og det utfordrar måten vi må tenke på om gjødsel.

Jørn Bjørnstad frå NLR tek for seg verdi og variasjonar i husdyrgjødsel. Med ein NIR-sensor kan du lese ut kvaliteten på gjødsla, mens du køyrer. Veldig få har erfaringar med dette så langt, men Even Kristian Mangerud i Felleskjøpet Agri har tilgang på slikt utstyr, og seier litt om det. Enn så lenge kan kanskje mange gjere seg nytte av heilt enkel teknikk. Det kan Kyrre Vasstveit i Agromiljø forklare.

Er tida inne for å byrje å separere gjødsla? Hans Ulberg er av bøndene som gjer det, og han deler sine erfaringar. Oddbjørn Kval-Engstad frå NLR oppsummerer deretter erfaringane frå fleire.

Slik gjødselprisane er no, må du iallfall passe på at gjødsla blir spreidd så presist som råd. Lønsemda i presis gjødsling har sjølvsagt Jan Karstein Henriksen i NLR rekna på. Kanskje tala vil overraske deg...

Anders Rognlien i Yara var primus motor for ei spørjeundersøking til kundar med presisjonsgjødselspreiar, og kjem med praktiske tips derifrå, attåt nokre ord frå Yara om gjødselmarknaden.

Harald Solberg i NLR avsluttar dagen med å seie korleis det slår ut på økonomi og avling om vi kuttar ned på gjødslinga, no som prisen er så høg.

9. feburar: Moderne (?) bruk av jord

Jordarbeiding tek tid, det krev stor effekt og dermed mykje diesel, men det er avgjerande viktig for å legge til rette for god plantevekst, bekjempe ugras og gjerne molde ned plantemateriale eller fastgjødsel. Er då redusert jordarbeiding godt nok? NLR har hatt forsøk gjennom meir enn 20 år, og Lars Kjuus har tips som han gjerne deler.

I eit anna prosjekt blir det prøvd ut direktesåing. Else Villadsen snakkar om det. Knut Erik Hersleth er bonde, og har sjølv drive redusert jordarbeiding i årevis. Han deler gode og dårlege erfaringar med oss.

Erlend Lundeby er namnet på ein annan bonde. Han snakkar om praktisk innsåing av fangvekstar. Det er eit godt oppspel til NLR-rådgivar Sanna Krüger Persson. Ho fortel om korleis vi får til praktisk karboninnlagring i jord.

Heile møteserien blir avslutta med Sissel Hansen frå Norsøk, som gir oss ei innføring i prosjektet Karbon til bondens beste.

Meld deg på!

Teknikkmotet 2021 2
Årets utgåve av NLR Teknikkmøtet blir digitalt. Dermed er det lettare å delta kor som helst, enten det er frå godstolen eller brøytetraktoren med Peltoren på øyret. Her eit bilete frå NLR Teknikkmøtet 2020. (Foto: Siri Josefine Mo)