Katrine Østraat Hallanger

Som rådgiver i Nordhordland gleder jeg med til å reise rundt og bli kjent med dere bønder i området.

Britt Lilly Hylland

På heimebane driv eg med mjølkeproduksjon på kyr, ammekyr og hesteoppdrett i tillegg til familieliv.

Er du bonde og gravid er det ekstra mykje å ta omsyn til. Dyra i fjøset må framleis ha stell, men det må du òg – både før og etter fødsel.

Er du gravid bonde eller arbeider innan landbruk, er det mange ting på arbeidsplassen som aukar risikoen for misdanningar, låg fødselsvekt, for tidleg fødsel, høyrselsskadar, spontanabort eller dødfødsel. I starten av svangerskapet er det færre ting å ta omsyn til enn i slutten av svangerskapet.

Noko av det første du bør unngå frå du mistenker at du er gravid, er plantevernmiddel og andre kjemikaliar. Ein del middel kan auka risikoen for misdanningar og spontanabort. Andre er ukjent om har nokon innverknad på fosteret. Dei skadane på fosteret det er snakk om, er gjerne på arvestoffet, og kan gje misdanningar eller kreft i barneåra. Derfor bør du vera føre var og unngå all kontakt og ikkje vera i nærleiken av utstyr eller areal som nyleg er sprøyta. Du skal heller ikkje røra klede med kjemikaliar på, eller vaska dei, då verknaden på fosteret er ukjent. Det er i starten av svangerskapet at organa vert danna, og misdanningar på dette tidspunktet kan få store konsekvensar .

Ekstra sikring

Sjukdommar som listeriose, toksoplasmose, Q-feber og papegøyesjuke kan alle føra til abort, for tidleg fødsel, eller svært redusert allmenntilstand ved fødsel. Fostervatn frå dyr er den største smittekjelda for desse sjukdomane. Du bør unngå å handtera fostervatn, om du kan. Må du hjelpa til ved fødsel, så bruk smittevernutstyr som vasstett frakk, to lag med hanskar, (eit par lange hanskar og et par vanlege eingongshanskar utanpå), samt skjerm for å beskytta mot sprut i ansiktet. Vask deg godt etterpå. Katteavføring er ei smittekjelde for toksoplasmose, og surfôr med feilgjæring samt ubehandla mjølk kan føre til listeria. Q-feber og papegøyesykje er uvanlege i Noreg, men dukkar opp frå tid til anna. Q-feber kan leva lenge i støv, så smitterisikoen er til stades ved nedvask av fjøset om det er smitte i flokken din. Bruk støvmaske med P3-filter.

Unngå samanstøyt

Arbeider du med større dyr, er det viktig å unngå situasjonar der du kan hamna i klem og få støyt mot magen og fosteret. Planlegg kva du skal gjera ved flytting av dyr, tilsyn på beite eller skraping i lausdrifta. Det er betre å tenkja gjennom korleis du utfører arbeidet på ein sikker måte, enn å utsetta deg sjølv og barnet for skade.

Lett børa!

Utover i svangerskapet vert magen større, og vekta du kan bere vert mindre. Gravide bør ikkje løfta meir enn 12 kg om gongen, og maks to tonn om dagen. Ifrå sjuande månad bør du ikkje løfta meir enn seks kg om gongen og maks eitt tonn om dagen. Mange arbeidsoppgåver vil vera i grenseland av kva som er lurt å gjera. Til dømes veg eit lam fem-seks kg, kraftfôrbøtter rundt sju kg, og fulle vassbøtter opptil 12 kg. Risikoen med for tunge løft er låg fødselsvekt og for tidleg fødsel. I tillegg er ryggproblem og bekkenløysing ein risiko for mor.

Stillare og rolegare, nå...

Rundt veke 24 kan fosteret oppfatte lyd frå omgjevnadene. Langvarig støy i denne perioden vil verke negativt på barnet og kan gje høyrselsskadar. Støy som påverkar mor negativt, kan gje stress og høgt blodtrykk som påverkar fødselsvekta til barnet.

Bruk av køyretøy og maskiner utset kroppen for lågfrekvente vibrasjonar. Det kan for mange gje smerter i rygg og bekken, men kan og auka risikoen for spontanabort. Dersom du er utsett for vibrasjonar over lang tid disponer det for prematur fødsel og låg fødselsvekt. Undersøk om traktor og maskiner du brukar har god nok vibrasjonsdemping. Nyare traktorar vil til dømes ha betre demping på hytta enn eldre modellar. Det vil også vere stor skilnad mellom ulike typar og modellar maskiner.

I fjøset etter fødsel

I tida etter fødsel er reinslegheit viktig. Mange bakteriar og virus hjå dyr kan gje sjukdom, også på menneske. Bruk av hanskar og gode handvaskrutinar er lurt. Til dømes sårstell og behandling av infeksjonar på dyr kan du godt vera kritisk til, og gjerne overlata til andre -særleg i dei første seks vekene etter fødsel.

Hugs ikkje å overanstrenga deg etter fødselen. Om du i svangerskapet har hatt utfordring med bekken- og ryggplager, kan dei vare i lang tid. Tunge løft kan vera vanskelege, - det same med ståande arbeid på hardt golv. Kroppen brukar tid på å stabilisere seg etter ein fødsel. Ta vare på deg sjølv, då kjem du deg raskare.

Når barnet skal vera med i fjøs eller anna arbeid krevst riktig sikring. Eiga fjøsvogn, huske montert i taket og barnesete i traktor kan gjera det mogleg å ha med barnet. Sjå alltid over at barnet er plassert på ein trygg plass, og festa med sele. Til nokre arbeidsoppgåver bør barnet absolutt ikkje vera med, til dømes der det er mykje støv, støy eller dyrehandtering.

Rettar, støtteordningar

Søker du «bonde svangerskapspengar» på nettet, er vegleiaren til Bondelaget noko av det første som dukkar opp. Her finn du mykje nyttig informasjon om svangerskapspengar, foreldrepengar og permisjon.

Svangerskapspengar gjeld når du sjølv er frisk, men arbeidet medfører ein risiko for fosteret. Ver merksam på at fastlegen din eller jordmor ikkje er så godt kjent med dette, så les deg gjerne opp på desse tre nettstadane først:

Som gardbrukar er du sjølvstendig næringsdrivande. Snakk med rekneskapsføraren din for å ha oversikt over inntekta dei siste åra, og få hjelp med søknaden.

Om du er dårleg, og ikkje kan arbeida, er det sjukemelding du skal bruke.

Ha god dialog med det lokale avløysarlaget ditt både før og etter fødsel for å få nok avløysing i tida du treng det. Hugs at det finst eit produksjonstilskot for bruk ved sjukdom, svangerskap og fødselspermisjon. Frå 2023 er makssatsen 2100 kroner pr dag for sju dagar i veka, så han kan dekka mykje av kostnaden ved avløysing. Tilskotet heiter «Tilskudd til avløsning ved sykdom og fødsel». Dette tilskotet gjeld både før og etter fødsel, og vert utbetalt kort tid etter at søknaden er godkjent.

Har du spørsmål, kan du kontakta HMS-rådgjevaren din i NLR.

Gravid og bonde?

Katrine gravid
Lukkelege omstende: Katrine Østraat Hallanger, artikkelforfattaren, hjelpte nokre gonger til i fjøset medan magen voks. Stolen ho har festa bak, er eit godt HMS-tiltak for å spara føter og kne. Hanskane er også eit godt tiltak for å unngå at hendene blir uttørka og at bakteriar ikkje kjem inn i eventuelle sår på hendene. Ho bidrog med mjølking ei stund ut i svangerskapet, men andre tok seg av fôring som inneber tyngre løft, samt skraping i bingane, der det er risiko for spark frå viltre kalvar. Foto: Privat