Ester Helland

I november 2011 på Hawaii, klokka to på natta lokal tid, fekk eg plutseleg ein telefon frå dagleg leiar Liv Lyngstad i NLR Hordaland med innkalling til intervju. Slik starta mi historie i Norsk Landbruksrådgiving Vest.

Når vi sender ut e-postar om kurs og andre aktivitetar, skulle vi gjerne hatt moglegheita til å velje kven som skal få e-posten og kven som ikkje skal få. Når vi har nær 4000 medlemar med ulike interesser, er det ikkje så enkelt å tilpasse all informasjon som skal ut. Likar du å følge med på kva som skjer, og vil ha alle e-postar? Eller vil du berre ha rådgjevingsmeldingar der dei siste nyhende og fagartiklar er samla? No har vi opna for at du sjølv kan velje kva du vil ha av e-postar frå NLR Vest.

Slik gjer du det:

Kryss av i skjemaet under for kva informasjon du vil ha. Vil du ikkje ha noko i det heile tatt, kryssar du for "viktige meldingar". Då får du berre e-postar dersom du har bestilt rådgjeving eller meldt deg på eit arrangement hjå oss. Viss ikkje du kryssar for noko, vil ikkje endringa bli registrert, og du vil få alle e-postar vi sender ut.

Kryssar du for "Invitasjoner", får du e-postar om alle kurs og arrangement i NLR Vest. Dette er mest kurs og møte som kjem igjen med jamne mellomrom og som vert marknadsført breitt til både medlemar og andre.

"Nyheter" er fagmøte og markdagar som har nye tema kvar gong, og ofte er begrensa til ei problemstilling. Nokre fagmøte er berre for medlemar, mens andre er opne for alle.

Er du medlem, bør du også velje "Kampanjer", slik at du får rådgjevingsmeldingar og medlemsblad. Du kan velje denne om du ikkje er medlem også, men det aller meste i denne kategorien er berre for medlemar.

Dersom du vil ha alle e-postar vi sender ut, må du krysse i alle lukene. Viss du ikkje fyller ut og sender inn skjema, vil du også få alle e-postar vi sender ut.

Du kan og bruke skjemaet til å legge deg til på e-postlista vår.

Dersom du ynskjer endringar seinare, kan du enkelt fylle ut skjemaet på nytt her: Personvern | NLR Vest