Britt Lilly Hylland

På heimebane driv eg med mjølkeproduksjon på kyr, ammekyr og hesteoppdrett i tillegg til familieliv.

Hei alle saman! Eg har vore so heldig å få byrja i NLR Vest som HMS-rådgjevar. Kontorplass er på meieriet på Voss i lag med ei god gruppe rådgjevarar frå både NLR og Tine. Eg kan allereie etter kort tid seia at NLR har både flinke og kjekke folk på plass frå før! Tidlegare har eg gått på jordbruksskule på Voss, tatt husdyrfag på NMBU på Ås og jobba åtte år som kraftfôrkonsulent i Felleskjøpet. På heimebane driv eg og mannen gard med mjølkekyr, ammekyr og avl/oppdrett av fjordingar. Sidan dette er fyrste gongen eg skriv på bloggen vår, so skal eg fortelja om kvifor alt ikkje nødvendigvis var betre før.

Eg har alltid vore med i gardsdrifta heime, og noko av det eg hugsar best er sjølvsagt dei store hendingane i løpet av året. Kalving, lembing, sanking, slått osv. Men den største merkedagen var kan hende å sleppa kyr og kviger på våren. Kyrne var enklast, dei har gjort det før og er tunge av kalv hjå oss då som no. Dei kjenner vegen inn og ut av fjøsen, og byrjar stort sett å eta gras når dei berre nett har fått stangast litt fyrst.

Dei verste var sjølvsagt kvigene, som var unge og spreke. Men til kvigeslepp, då var hjelpemidla dessverre litt enklare enn no i dag. Grinder snekra av plankar med påspikra sauenetting, og sauenetting- gjerde rundt fjøsen. Deretter straumgjerde hengande på isolatorar i stolp rundt beite. Fyrst vil jo ikkje kvigene ut, det er lenge sidan dei har vore ute, men med litt overtaling so går dei. Då er sirkuset i gang, herjing og rauting. Deretter lyden av kviger som spring igjennom sauenetting (høg og skjerande lyd når nettingen losnar frå spikaren i stolpen), kviger som smadrar plankegrinder like eins, straumtråd som blir strekt ut og til slutt slitnar.

Kviger på frifot kan finna på mykje rart, kva med ein svømmetur? Ein bit frå naboen sin hage? Eller skal me berre springa veldig langt i år? Heldigvis går våryrheita over og dei kjem i bøtta og vil ha mjøl når dei har fått sprunge av seg litt. Dei er trass alt tamme dyr når dei berre får tenkt seg litt om. Samtidig gjeld det å få hesja oppatt noko gjerde slik at dei nett har straumtråd rundt seg og ikkje finn på meir sprell.

Heldigvis har det skjedd litt på utstyrsfronten sidan den gong. Å sleppa dyr om våren treng ikkje lenger vera med livet som innsats. Ein skikkeleg luftebinge gjer overgangen til det frie livet på beite litt tryggare. No er den overveldande friheita i fyrste omgang sperra ute med lettgrinder med 1.70 høgde, fram til kvigene har vorte vande med verda utanfor. For oss som er med har det blitt til at me stort sett kan stå å sjå på, utan at det skjer det heilt store lenger.

Det vert spennande å starta opp som rådgjevar innan HMS, det å ta på HMS-brillene når ein kjem inn på eit tun eller i ein fjøs er ei nyttig øving. Kva er trygt eller kva kan eg tilrettelegga betre her? Her er det sikkert like mange gode svar og løysingar som det finst bønder, og fokus og diskusjon gjer oss alle meir bevisste og kanskje ein lærer noko nytt?